Viser innlegg med etiketten Strikkekorga. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkekorga. Vis alle innlegg

søndag 12. januar 2020

Nytt år og nye muligheter :)


 Har mange tankar for året 2020 med tanke på Lilla dør og mine kreative utspring og ikkje minst lyster:). Har ein plan om at eg skal prøve strikke og sy meg "ned". Har så mykje påbegynte prosjekt, sjølv om eg veit at eg fort fell fort for fristelsen til byrja på noko nytt. Må bare........Denne  korga er stor kanskje eg kan tømme ho etterkvart. Kven veit......


 Dette ligge på toppen av korga


 Baggybukse til ein liten gutt født seint i 2019 oppskrifta står i Ministrikk  - den fyrste dansen som kom ut i fjor.







Sorbetcardigan  til meg sjølv. Starta på den i mars 19. Snart ferdig. 


Klem

Lilla dør

onsdag 18. mai 2016

Ankelsokkar? Fiskar?


 Har nett strikka meg eit par med ankelsokkar. Fann eit artig og lett mønster på Instragram . Hjå stakkeland73. Då eg hadde strikka dei og dei var klare for samansying i helen :) slo det meg at igrunnen såg dei ut som fiskar. Fekk til og med ein kommentar frå gubben om eg hadde strikka fiskar:). Vel og merke var vi på hytta med sitt maritime preg.


 Rødspette?


 Strikka dei av garnrestar. To typer ullgarn, eit grått og eit rosa frå restekorga mi.....


 Her samansydd i helen



 Greie til å ha i veska for å ha som "innesko"


Klem
Lilla dør

tirsdag 30. desember 2014

Romjulsfri og rydding på syrom og i strikkekorg......


 Fekk tømt stikkekorga og sortert det som var der. Eg har tenkt tanken men no trur eg det må bli: INNKJØPSSTOPP.  Du så mykje jillt eg har å halde på med. Heldige meg.
I allefall nesten innkjøpsstopp av garn og stoff. Heilt stopp klarer eg nok ikkje, men nesten trur eg. Har veldig mange påbegynnte prosjekt og mange er planlagt der eg har det eg treng for sy eller strikke. Så kanskje dette må bli nyttårsforsettet mitt.


Her noko av det som ligge, garn til hals. Kjøpt i Tyskland.


 Dette garnet samlar eg på ....kjøper litt kvar gong eg er i London. Dei har det mellom anna på Loop. Kva eg skal bruke det til veit eg ikkje. Tar imot gode forslag. Men det er nokre fantastisk fine farger i et nydelig ullgarn:)


Påbegynte vottar i fjor


Pinnane er sorterte og klar til bruk. Både rundpinnane og strømpepinnane:)


Lageret av ulike garn er STORT. 
Til meir eg strikkar til meir garn får eg trur eg. 
Har til og med notert ned dei ulike prosjekta som er påtenkt og påbyrja. Gubben har mumla om eit eller anna antall,  han er nok inne på noko der og. Sjølv om eg ikkje vil innrømma det heilt. Men no har eg det svart på kvitt.......


 Sist innkjøpte garn rett før eg sa (nesten) stopp:) til lubbar


Syrommet er og ganske ryddig:) klar til sying. Gleder meg til det.....mange tanker og idéar...... kjem etterkvart.

Stofflageret trur eg eg får ha for meg sjølv inntil vidare. Skal heller få sjå dei ferdige produkta i åra som kjem:)

Klem
Lilla dør.

lørdag 8. november 2014

Hjelholts 1 tråds fargeskiftgarn



Ny strikka hals eller tørklæderør som dei kaller det i Danmark.
Design: Charlotte Hjelholt, Hjelholts Uldsinderi


Kjøpte garn og mønster i Danmark ifjor.......det er den modningsprossessen.




Leika meg litt med fotograferingen ute her om dagen



Likte godt fargesjatteringen i den gråsvarte tråden attåt den friske og djupe rosa fargen.


Dette har vore eit av mange bilstrikk......har kjørt masse bil i den siste mnd.


Goé kveld videre.

klem
Lilla dør

tirsdag 23. september 2014

Nymalt dør og haust på trappa



Nymalt



 På det litle steinbordet mellom stolane har gresskar hamna saman med blomstrane. Eg klarte ikkje å gå forbi gresskara sist eg var innom blomsterbutikken:). Men no har eg hekla mine egne gresskar sjølv om eg ikkje har kome så langt at eg har fått fotografert dei ennå........ Ikkje idag, kanskje i morgon.


Haustkål er ein flott plante no om hausten. Favoritten er lilla.




 Haustdama mi
Denne hadde eg kurs i for nokre år sidan. No har ho flytta ut på trappa:)


 asters


Her sitte ho og nyte utsikt til gardsrommet frå blomsterpottekanten. I ly for vind og nedbør.


Stoffmaling og frihåndsquilting på motiva på kjolen.


Klem
Lilla dør

onsdag 23. juli 2014

Acnegenseren


 Før ferien starta eg på ulike strikkeprosjekt som var utmerka bilstrikk. Jillt når mykje av prosjekta vart ferdig:) Me kjørte mykje bil i starten av ferien og då vart det mykje strikking.

 På pinner nr 6 og i liten størrelse gjekk dette unna:). Strikka den i Suri i lys rosa og linfarge. Litt uvante fargar men veldig fine og søte spør du meg.


Toltalt brukt eg 270 gram garn til genseren:)



 Mønsteret til genseren finne ein gratis på nettet.



 Sommarleg 


Klem
Lilla dør

tirsdag 24. juni 2014

Pakka strikkekorga i god tid


 Snart ferie og då må eg vera sikker på at eg har nok håndarbeid med. For i år blir det ein del bilkjøring, Strikkeveska er det første eg pakkar. 
Det manglar ein arm på fanakofta. Den må eg få ferdig iløpet av tida vi kjører bil.


 Acnegenseren er eg godt på vei med. Perfekt bilstrikk:) er veldig fornøgd med fargane.


 Strikkebagen full med garn. Kan det bli bedre... Denne fekk eg sist eg kjøpte garn hjå min garnbutikk Anny på Bryne.


Mykje fint alpakkagarn.


 Litt reservegarn. Vist eg skulle bli ferdig med dei første prosjekta.


Bomullsgarn 2 nøster til Tove Fevang sitt kluteprosjekt i sommer. Ny kluteoppskrift kvar søndag.

Forsatt goé sommar!
Takk for god tilbakemeldinger.

klem
Lilla dør