onsdag 3. juni 2026

Islender, ny genser til gubben.


Strikka islender i 3 tråds ullgarn frå  Lofoten Wool. I fargane skarv og gress.
 

se meir om designeren og garnet her    



 Klem
Lilla dør

tirsdag 2. juni 2026

Fiskehandel


Sjå dei fine fiskane eg kjøpte sist helg hjå Skaperglede på salgsutstilling i Hommersåk.  Trur dei blir fine på sommarbordet på verdasjillaste hytte. Kanskje kjem det stemningsbilde derifrå i sommar.


 Klem
Lilla dør

onsdag 20. mai 2026

bunadmekking før 17 mai

Det vart nytilpassa bunad i år og.  Desse har bestemorjentene brukt sidan dei var to og fire år. Likeså har jenten mine brukt frå  dei var to og fire år. Eg har sydd ut og inn og bretta stakk alt etter behov. Kjekt å få det til , sjølv om det tar tid..... men alt blir ein vane. No treng eg ein bunad til. Eg har tre treåringer som står klar neste år.

 

Her ser ein nedbrettet  på stakken. 
I år kom eg litt skjeivt ut, måtte ha bunaden med på hyttetur (Turistforenings sin på Gaudland) rett før 17 mai.  Godt å ha ei lita tur/klubbsmaskin :)))))) Fordelen var at eg hadde jentene rundt meg då eg sydde . 


Hadde litt å gå på her :) så den passa perfekt iår og. Sunnfjordbunad har flott og perfekt ullstoff til å drive med slike justeringer år etter år. 




Når eg henge vekk bunadane tråklar eg inn foldene for at dei skal halde seg lengre.


Klem
Lilla dør

 

tirsdag 12. mai 2026

Neversokkar


Neversokken er Rauma design. Eg har strikka dei hillesvågsgarn. Originalgarnet er Vandre fra Rauma.
Var ein ny måte for meg å strikke sokkar med å strikka helen tilslutt, strikka inn ein hjelpe tråd der eg skulle ha  helen.




 klem
lilla dør

onsdag 22. april 2026

Dukkehus samling


Siste klubbkvelden før sommeren laga me små vesker av små stoffbitar med vatt inni. Fine vart dei. Veldig jille kvelder hjå Tone Henningsen Høie, bitteliten miniatyr. Eg er heldig som fekk være med der. Takk for mykje inspirasjon og glede. Mange flinke og kreative damer.
.



Me laga nokre små barnklær til pynt på barnerommet. sydde litt og limte litt

































klem
Lilla dør

søndag 19. april 2026

Lin pute bestliing



Kjøpte 3 meter med lin på selfmade, då ein mine håpefull trong  fiksing  av nokre gamle men gode dun puter til ein sofa. Eg sydde nye inner puter i bomull
.

dette stoffet fannn me i verkstaden til pappa når vi rydder der , Har lagt på modning i mange år. det vart ei kule pute med stoff frå 70 tallet  har fått bestilling på fleire av dei.



 Klem
Lilla dør

søndag 5. april 2026

Stolt bestemor


Her lages sitteunderlaget. Fire fem lag med ull tovast i hop. Plansliper er god hjelp og gjere det enklere.
.

Motivene filteres på underlaget. Sjå dei fine kyllingane som dei lager. Det er vist einvplan om fylle heile sitteunderlaget med kyllinger og egg. Dyktige jenter.



Eer så imponert av kva dei får til å lage.  Toving er ein veldig kjekk aktivitet.


Gåve til ein onkel. Motivet er fra brygga hans. Fisker og drikk kaffi. Veldig populær gåve. 



Klem
Lilla dør