Viser innlegg med etiketten barneteppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barneteppe. Vis alle innlegg

torsdag 25. august 2022

Krabbeteppe/leiketeppe


Eg fann dette stoffet på Stoff og Stil..... brukte full bredde og sydde eit krabbeteppe med dobbel ullvatt inn i.  Difor litt begrensa quilting men blir varmt og mjukt å ligge på. Blir godt for bestemorgullet å ha på gulvet når han ligger der.



Eg starta på prosjektet i sommer på hytta .....


Bakstykket er og eit Stoff og Stil stoff. Kan i grunn brukast på begge sider......



Eg brukte skråband rundt. Teppe måler ca 140 cm i diameteren 


Klar til bruk og levert til mottakeren. Jille og enkel bestemorsøm........ 




 Klem
bestemor / lilla dør

onsdag 3. februar 2021

Krabbeteppe


Nå har eg sydd ferdig krabbeteppe/babyteppe til det yngste barnebarnet mitt. Starta på det i haust men no er det klart og levert til mottakaren.
 

Laget til den minste av bestemorgulla.... heldige meg som har fått fire gullklumper totalt no på tre år


Sydd av kvadrater på 4,5 x 4,5 inch. totalt er teppe ca 1 x 1 meter ferdig. Har dobbel ullvatt i det. Quilta med symaskin. Lukkekanten er i lyseblå Chambray stoff.
Bamsestoffet er ein rest frå då barna mine var små, ellers er det ulike lyseblå stoff fra lageret mitt. Kjekt når stofflageret minkar. Det mørkeblå bilstoffet  kjøpte eg då eg var i  New York for snart åtte år sidan hjå Purl Soho ........God modningstid :)








Måtte bare ta det ut i det fine vinterværet og fotografere ...nydeleg lys







Bakstykket er likt det andre krabbeteppet,  Debbie Mumms stoffet
Noas ark. Fann det i stofflageret mitt..... passa godt som bakstykke. Eg har alltid likt godt Debbie Mumm stoffa.


Eg rulla teppet saman og putta det inn i ein strekklaken-pose. Enklar å ta med seg då....enten dei skal på tur, besøk eller på babysang etc.


Klem
Bestemor/ lilladør

 

søndag 17. januar 2021

Krabbeteppe pluss pluss:)


Sydd eit krabbeteppe til  dei nye guttebarnebarna... starta på det i haust før dei var kommet til verden. Så kom jula og plutselig var det på høg tid gjere dei ferdige. Vart ferdig med det eine no i helga. Det andre er like om hjørnet. Sydd dei fra stofflageret. I dette teppe er det lin, libertystoff og det gode gamle bamsestoffet som eg sydd av når mine barn var små......
.

Kvadrata er skorne i 4 x 4 inch.
Lukkekanten sydde eg av linstoffrestane. Klarte akkurat å nå rundt....


Litt pynt og informasjon er viktig



Eg vatterte det med ullvatt, brukt dobbelt vatt slik det vart mjukt og varmt......kan være inspirert av kulden vi har no:)). Til bakstykke brukte eg Debbi MummS stoff Noas Ark i fin himmelblå farge. Eg var stor fan av Mums the word. Dette stoffet er virkelig fra stofflageret med lang modningstid. 


Bakstykkestoffet



Av resten av libertystoffet med små bilar laga eg to mapper/poser med glidelås til å ha ting og tang i. Eller/og leiker etterkvart.





Eit dagens tips.; 
Eg rulla krabbeteppe saman og putta det inn i tricotpose( slik som er rundt strekklakenen når ein kjøpe dei). praktisk og godt når ein tar med seg teppet når ein er ute eller/og på besøk,



 Tatt i bruk med ein gong......



Klem bestemor


onsdag 16. september 2020

Bladtepper / babytepper


Hadde felles sydag her i sommar dei to vordende mødrene og eg. Var veldig kjekt med felles sy prosjekt. Me var inspirert av tepper på sosiale medier (Instagram;Facebook). Var til og med heldige å fann egna linstoff i stofflageret mitt ( seier vel litt om lageret:) ). Til og med i ønska farge. Trur eg kjøpte stoffet på Toten ein gong på eit stort stoffutsalg der.


Me tegna mønsteret sjølv....blir heilt unikt :). Ingen blader er like.



Klipte ut to tepper samtidig og fekk utnytta stoffet perfekt. Vi hadde minst tredobbelt med vatt inni teppene. Brukte lin på begge sidene, kan brukast på begge sider.


Så i løpet av sylørdagen i vår/sommer vart begge teppene ferdige. 




Teppe er ca 100 x 70 cm . Quilta med symaskin. 


Eg måtte bare ha på bestemormerke.....




 Klem
Bestemor/lilla dør

mandag 14. september 2020

Lintepper X 2



Har sydd to tepper i lin.  Eg er så heldig og skal bli bestemor x 2 no i haust......



Sydd på ei hempe slik at ein kan henge teppet opp viss ein ynskjer det når det ikke er i bruk.  Teppet er sydd i dobbel lin med vatt i mellom i fin og dempa olivenfarge. Var heldig og fann stoffet i stofflageret mitt. Det er sydd med overlock rundt kanten.



Måtte jo ha med litt tekst til dei nye verdensborgarane.....




 Klem
bestemor/lilla dør