torsdag 30. desember 2021

Nytt service i heimen


Sjå det fine servicet eg fekk til jul....kan det bli bedre. Iallfall når designerane er bestemorgull.


Designa/tegna av mine to eldste bestemorgull. På to og fire år.




Gler meg til å dekke frokost bord med desse fine eggeglassa. Dette varma eit bestemorshjarte.



 Klem

Bestemor

onsdag 29. desember 2021

Dyne og pute til dokkevogn



Eg sydde kvar sitt dyne og pute trekk til to av barnebarna mine. Som innerpute brukte eg Ikea si barnepute. Til putene delte eg ei innerpute i to.
.


Eg liker godt slik søm.... det må nesten være det ein  kaller syromkos  :)) Skulle berre hatt endå bedre tid...... mykje jillt ein kunne ha laga. men eg må være glad for dei stundene eg har.....  


 





Klem
Bestemor

mandag 27. desember 2021

Oldemorstrikk

 



To av mine bestemorgull fekk seg nye luer og halser til jul av mi svigermor, deira oldemor. Eg er imponert over at ho med lite syn og masse hjelpemidler for å se klarer og har veldig glede av strikket  sitt ennå. Ho nærma seg dei 90.  Tar hatten av for det. Dei andre barnebarna og oldebarna fekk og strikk 

Fekk prøvd strikket andre juledag med tur til stranda..... 






Klem
Lilla dør

søndag 26. desember 2021

Jula varer jo heilt til påske ....:)


Eg starta på denne prosjektposen våren 2018..... sjølve motivet og applikasjonen vart gjort då.
Motivet er inspirert fra Pinterest. Sydd i lin med bomullsfor. Eg klarte endelig å sy den saman og for den.... gler meg til ta den i bruk med eit lett vårstrikkprosjekt på nyåret.



Kjekt når ufo blir ferdig



Applikaasjon vart frihåndsydd med symaskinen. Der eg brukte stoppefoten. Eg liker godt den teknikken

 Klem
Lilla dør

Trengte plutselig to nisseluer :)))




Då er det godt å ha stofflager..... lurer ofte på kva eg skal med alt eg samler på. Er visst ein samler når det gjelder stoff og garn :))). Dette røde stoffet har lege lenge 10-20 år?, men plutselig trong eg det. God følelse. Desse bestemorgulla skulle til oldemor og ville gjerne ha nisseluer på seg...... kjekt for oldemor med smånisser som kjem på besøk i hagen.
.

La stoffeer dobbel og klippte .... målte fyrst hodeomkretsen. Dette er strikkstoff med ferdig oppleggskant...perfekt til prosjektet. Eg fekk to nisseluer på under fem minutt.


sydde dei på overlocken






 Har fortsatt meir stoff til nye prosjekt.:)))


Klem
Bestemor/lilla dør

lørdag 25. desember 2021

Tradisjonen tro


1. juledag til frokost har me hatt tradisjon i fleire generasjoner med 1. juledagsbolle på tallerken til kvar enkelt. Bollen/rundstykket har ei rosin som pynt.
)

I år måtte eg lage ein barnevennlig desser saman med bestemorgulla.  Nissejordbær :)



Klem
bestemor



 


fredag 24. desember 2021

I det nostalgiske hjørnet


Eg fann ut at eg skulle ta fram ein gamal juleløper eg har arva fra mamma..... alltid jillt med gode minner i jula . Juleløperen var rulla opp på eit juleblad fra Julen 1971.... 50 års jubileum. Flott motiv utanpå heftet. Eg vart nesten inspirert til eit juleteppe/bilde. Kven veit :)
,






Her er julemotivet trykt på finjute.


Nydelig middags service fra 1950 tallet kom til heder og ære igjen med litt gullbestikk attåt. 






Fortsatt fin romjul!

KLem
Lilla dør
 

torsdag 23. desember 2021

Den lille larven Aldrimett


Lille larven Aldrimett sokkar. Eg vart igjen inspirert på instagram til å strikke desse sokkane til dei tre minste barnebarna mine til jul. Strikka dei tidlegare i haust men måtte holde det litt hemmelig sidan det var ei julegave.
.

Stikka dei i Hillesvågsgarn - det grønne garnet (2 tråds) og alpakka garnrest - det røde. Så dei er sikkert varme og go-e . Strikka dei fra tåa og opp.  Sidan det er sydd på knappar til auge er dei nok mest egna til tøflar 



Litt "antigli" under sokken, har lite erfaring med det, håper det virkar.......


 Håper dei fell i smak...iallefall jille å strikke. Eg liker i grunnen slike små prosjekt.

Klem
Lilla dør

onsdag 22. desember 2021

Strikka julesokk



Eg strikka den i vamsegarnet til Rauma og brukte ca 2 nøster i fargen 064. Hadde ikkje strikke mønskter så eg strikka den på måfå, gjekk godt det:)
Vart inspirert etter eit bilde fra Hundvåg Hobby der ho hadde brodert eit hjerte. Spennande å sjå kva eg får til...... blir nok i 2022. Om det blir hjerte eller krans.
Bilde er lånt fra facebooksiden til Hundvåg Hobby

Klem
Lilla dør

 

mandag 20. desember 2021

Peppa gris nett


Sydde eit lite nett til eit av barnbarna mine.Hadde ein liten rest igjen av dette stoffet som inspirerte meg. Og så laga eg eit lite penal i samme stoffet til blyantene hennar. Både nettet og "penalhuset" sydd etter eig mønster og ide.....innfallsmetoden:))





Sydde på boreslås som lukkemekanisme på "penalhuset". Enkelt i bruk. 


 Klem
Lilla dør

søndag 19. desember 2021

Klubbkveld med løsmaskene 7.desember


Me hadde juleklubb i løsmakene 7. des. Ullrommet hadde spunne kvar vårt nøste på 25 gram med 1 tråds lingarn. Knall fint og jamnt, av det hekla vi julehjerter. Eg fekk totalt 7 hjerter av det nøstet eg fekk. 
Tusen takk!!!!


Eg har hengt mine på nokre små tre eg har funne......  nokre av hjertene har fått ny heim:))). Dei var kjekke å hekle og kjekke å gi bort.
Eg ser føre meg at dei er fine til å spre utover juleduken og.  







Oppskrifta på hjertet fann vi i denne boka. Eg hekla mine hjerter med heklenål nr 2.







SE den fine tråden!  Norsk lin på sitt beste.





Ha ei fin adventstid videre. 

Klem 
Lilla dør