fredag 30. august 2019

Frå boka ministrikk - Pocket playsuit


Eg strikka denne seleshortsen i Ministrikk sitt mønster. Eg hadde mønsteret men mønsteret står og i den nye boka til Ministrikk som kom no i august.


Glimt frå boka. Kan verkelig anbefales


Eg strikka den minste størrelsen. Eg brukte garnet A knit story 100% baby alpakka. det gjekk ca 85 gram garn til selebuksa.


Klem
Lilla dør

onsdag 28. august 2019

Jippi bestemor til ei prinsesse igjen!!!! Måtte strikke kjole då


Elliesommertopp designer Ane-Karine Øvrum (@littleandloop). 
Veldig kjekke å strikke. Eg strikka den i størrelse 3 til 6 mnd. Brukte garnet Lerke i lys lilla tone.


 Her er det bare armane igjen eit av sommerens strikkeprosjekter

Klem  
Lilla dør

fredag 23. august 2019

Novise genseren nr 2


Eg strikka ein til av denne genseren i størrelse to år. Eit Petiteknit mønster. Denne gongen strikka eg den i 2 typer alpakka garn frå garnlaget mitt. Veldig fornøgd med kvaliteten og fargen. Håper barnebarnet mitt også blir det....reknar med det. Strikka ei liten til dokka hennes og.....


Klar til bruk i barnehagen når dei kalde haustdagane kjem




Det blir absolutt fleire av denne genseren i andre fargar og garn truleg.



Klem
 Lilla dør!

torsdag 22. august 2019

Bønnespireblomers



Eit av fleire sommerstrikk i år. Dette er bønnespireblomers.  Knitting for olive mønster, men eg strikka den i Lille lerke. Eg trudde og meiner eg strikka den minste størrelsen men den vart alt for stor, kanskje det eldste bestemorgullet på snart to år kan bruke den
??? :)) Eg var så heldig å få eit barnebarn igjen i starten av august, prinsesse nummer to.


Strikka i Lille lerke  ( 53% merinoull,  47% egyptisk bomull)
farge 2425 


Artig men dillete å strikke .... det blir vel kanskje fleire men då må eg passe bedre på strikkefastheten trur eg....


Klem
Lilla dør

Klubbkveld og englar


Ikkje ofte eg starter med engleproduksjon i august....men dokkeklubben hadde klubb kveld og me hadde fått beskjed å ta med 30 cm stoff og tynn vatt.....Veldig kjekt med slik kveldar med samsying og litt kreative utfordring som me gjerne ikkje hadde sydd ellers.




 Eg sydde mine i lin. med og uten prikkar. Boa fekk eg av vertinna .....til og med rosa. Eg synest engelen min vart riktig så kul, men måtte sy ein enkel og. Kanskje meir meg. Eg får seia som Rema 1000 reklamen: "Det enkle er ofte det beste"





Klar til desember og "engler daler ned i sky". Det blir kanskje fleire av dei når jula nærmar seg. Takk for mønster og ide Sabrina. Alltid kjekt med klubbkveldar med dokkeklubben. Me har vel snart sydd saman i 25 år eller meir.

Klem
Lilla dør

torsdag 1. august 2019

Plantefarging av garn


Litt plantefarging på hytta i år og....... 


Reinfann det gir ein fin og varm gulfarge. 



Her har eg farga 2 tråds Jarbo garn. Beisa garnet samtidig som eg farga det.



Klar til bruk men blir vel lagt på modning :)



Har mykje reinfann ved hytta...

Klem
Lilla dør