tirsdag 30. januar 2018

Endå ein hare/kanin


 Denne kaninen/haren har lege på syrommet i ulike deler, men i helga fekk eg kobla delane saman :)))
Litt usikker kven sitt mønster det er. Lurer på om det kan være ein Tilda mønster/materialpakke dette og.  Eg har sydd den saman på min måte og kleda som eg holder på med no er egen ide. Alltid kjekkast og enklast det.
 Endå ein ufo er ferdig:)) YES!!!


 Sydde armane og føttene saman med lintråd slik at ein kan bevege armane og føttene.


 Her sit ho klar med garn som skal bli genser, buksa mangler vist gummistrikk. 




 Småblomstrete kortbukse med gummistrikk i livet. 


Heile 50 cm lang.


Det kan gjerne ta litt tid før genseren er ferdig, men den har inntatt plass i stova no. Med klare signaler...... at her er eg og treng genser.

Skal legge ut bilde når genseren er klar. Sy slike figurer liker Kari godt.....neste prosjekt blir ein figur som eg skal ha med meg på Jæren Quiltelag som påskeaktivitet på mars-møtet, Er visst i hare/kanin modus no, kanskje blir det fleire av den typen figurar.

Klem
Lilla dør

mandag 29. januar 2018

Gjere noko eg ikkje kan, men vil lære:)



Øving gjer vel meister. Eg har som nyttårsynskje i år at eg skal settte meg inn i dataprogrammet Bernina V8 til symaskina mi.
Så får eg sjå kor langt eg kjem.....eg er visst litt utålmodig av og til når det gjelder data .....seier dei som kjenne meg godt, uten og nemne namn.)))

Har planer og stingsette dette bildet...prøve i allefall.


Har forsatt håp om  at eg skal klare å brodere og stingsette.
Har iallefall hatt ei fin helg på syrommet i helga som var. 

Klem
Lilla dør



søndag 28. januar 2018

To gode venner


 Endå ein ufo er ferdig. I utgangspunktet er dette ein Tilda materialpakke med to harar men eg må jo bare forandre litt og gjere det meir mitt. I tillegg har eg brukt litt av stoffa så derfor vart dette resultatet. I grunn ganske så fornøyd..... 


Materialpakken eg hadde liggande. Tilda sin.


 Det skulle ikkje vera dusk bak men mine fekk kvar sin fargerike.




Her luftar dei seg i januarvinden.....godt med ulljakker på


 Hadde forlite stoff...så den eine fekk eit kvitt øyre men kanskje bare sjarmerande det?


Ha ei fin og kreativ veke.
Eg satsar på litt tid til å vera kreativ på syrommet.....det gir energi. Mellom anna held eg på med å førebu aktivitetskveld på Jæren Quiltelag i mars.....


Klem
Lilla dør

torsdag 25. januar 2018

Januardagar


Har  fått meg journal til garnrekneskapet mitt :)...litt usikker om eg klarer å utføre dette men får no prøve. Sjå og få oversikt over det eg strikkar og heklar. I grunnen hadde eg tenkt å sy og brodere med symaskinen no i januar mnd....men det har vorte lite så langt. Men g har ennå litt tid igjen av januar då eg har prøvetid på versjon 8  av broderiprogrammet.

 Varm sjokolade og strikk er ikkje feil på kalde januardager.


 Ferdig med eit par ullsokker eg strikka med dei nye strikkepinnane :)
Me har vore heldige og hatt nokre slike fine januardager innimellom regn- og stormdager... Godt ver til håndarbeid og sofaliv.....



Klem
Lilla dør

tirsdag 23. januar 2018

På besøk i Kjell Pahr-Iversen sitt atelier


 Lørdagen før barnedåpen fekk eg ta heile gjengen min med på besøk hjå Kjell.
Noko som nokre av dei håpefulle har hatt ynskje om lenge..... det vart eit fantstisk kjekt treff. 
Tusen Takk Kjell!!!!!!!


 Til og med demonstrasjon av tekning fekk me



 Utruleg inspirerande og kjekt. Kjell fortalde og inspirerte oss veldig. 


 Til og med dåpsbarnet var med


 Kafffi og goe drøs vart det og.


Tusen takk Kjell for gjestfrihet og formidling: Kjempe kjekt og lærerikt. 
Me kjem gjerne igjen:)

Klem
Kari og Co

søndag 14. januar 2018

Dåpskjolen er klar



Neste søndag skal barnebarnet mitt døypst. Så denne helga har eg tatt fram kjolen oldemor til dåpsbarnet sydde til sitt fyrste barnebarn for 30 år sidan:). Hjelp!!!!! kor blir tida av?


 Til og med egen pose/konvolutt til oppbevaring av kjolen sydde ho. Knallfint arbeid. Ho har all grunn til og være stolt. Det er iallefall eg. Sjølv om kjolen var litt gul då eg tok han  fram etter 22 år, vart den kvit og fin etter eit Omo-vask :)))


 Her er underkjolen til dåpskjolen


Nystroken


 rundt kanten nede ser den slik ut........ mykje arbeid ligg bak


 kjolen er brodert i engelsk broderi.... hennar eige design


Namnet på dei barna som er døypte i kjolen er brodert inn... barnebarnet mitt blir den femte som blir døypet i kjolen så langt.
No gler me oss til neste søndag...stor stas når oldemor er til stades og få sjå oldebarnet sitt i kjolen.

Stor klem
Lilla dør


mandag 8. januar 2018

Fått nye strikkepinnar ..... testar dei ut med sokkastrikking;)


 Eit sett består av tre deler. To og to pinner ihop. Kjøpte dei då eg var i Tyskland i desember. Dei hadde to størrelser,  2,5 og 3,5 ellers var dei vist utsolgt på den strikkebutikken eg var på i Esslingen. 


Nye pinner frå ADDI 


 Hadde arva meg eit strikk :) sokkar i garnet Sterk. 
Det gjekk kjempe godt å strikke med dei nye pinnane som avløyser 5 pinner viss du ikkje strikker med magic loop metoden.


Snart ferdig med fyrste sokken:) 
Kanskje det andre strikkeprosjekt som blir ferdig i 2018:)

Klem
Lilla dør

søndag 7. januar 2018

Snømannsdugnad og strandtur ier kkje feil på ein søndag.


 Marchmellow-snømenn til å ha i sjokoladedrikken..... eller som snop attåt. I dag hadde eg kalla inn til dugnad på snømannsjokolade og julekjeks pluss pluss. Me har  hatt flott vinterver på Jæren denne helga. Kaldt, lett melisdrys med snø og litt sol inn i mellom. Fantastisk fin dag til å tenne i bålpanna og bare nyte vinterdagen.




 


 Knallgodt.... 


 Melkebad er vel den beste beskrivelsen her



Kan avsløre at kakeboksen inneheld havrekjeks


 Det vart og tid til ein tur frå Sele til Hellestø, saman med gode venner. Takk for turen!!!


Fantastisk turområde rett utforbi døra nesten


Det gjere noko med overskuddet når ein kan være slik ut og nyte dagane saman med familie og gode venner. Påfyll til kvardagen igjen.

Ha ei fin og kreativ veke-
Eg skal planlegge kurshelg til hausten:) i kveld. Har fått forespørsel om å ha kurs på
Vestlandstreffet til hausten. Har ein plan:)

Klem
Lilla dør