Viser innlegg med etiketten MARITIME GLEDER kurs Florø hausten 2016.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten MARITIME GLEDER kurs Florø hausten 2016.. Vis alle innlegg

onsdag 28. september 2016

Sydde nokre puter i sommer..... gleder meg til neste sommer


 Inspiret av livbøyene sydde eg denne runde puta til å sittte på på brygga når eg nyter kaffien der.....
Litt bilde frå drømmeplassen:)



Vika-fjæra


Sydd i dongeri slik at den blir litt hardfør og kan tåle litt bruk:) det likar eg. Innerputa er i dun og den er i tillegg stor og fyldig. I grunn fantastisk å sitte på.....



 Pute nr 2 med vimplar og livbøye. Passa godt inn på benken ved naustet eller på benken ved hytteveggen. Eg får sommarstemning av dei. Begge putene er med i serien "Maritime gleder".....



Begge putene er eige Lilla dør design.


Klem 
Lilla dør

mandag 26. september 2016

Slumreteppe og "garnfiske"


 Eg har sydd eit slumreteppe til ha ved brygga eller på terrassen på hytta (når eg får det:)) .  
Sydd på lin og med ullfleece til bakstykke. 
Maskinquilta og applikert.


 Eg hadde teppet med meg ned til Sele hamn for å fotografere det .....  teppet var ein del av kursopplegg eg hadde i Florø sist lørdag som heitte "Maritime gleder." Eige design. 





 Sele hamn


Frå Sele hamn mot Feistein

Klem
Lilla dør

onsdag 21. september 2016

Flaskeskjuler og bordpynt :)


Garn og eit detaljbilde av "Makrellen"


Litt ulike størrelser. Kjekt å leike seg



 Dagens fangst



PS. tar i mot bestillinger på fiska og juletorsk (den må jo bli rød)!!!

Ha ein fin kveld.
Nyt dei fine hasustdagane 

Klem
Lilla dør

søndag 4. september 2016

Meir maritime gleder


 Eg har leika meg med ulike fiskar som lett kan bli til både løper, brikke eller ....



Sydvest ....  kva skal det bli til?

No er eg klar for syrommet igjen.  Har planar om ei pute kanskje med vimplar og livbøye??:).  I grunnen litt artig.  Jo meir ein syr til meir idear får ein....det likar eg.

 Idag har det vore fantastisk ver her på Jæren med sol og stilt. Fantastisk fint september ver, men fyrst er det ein strikkepose som skal nordover som eg må sy ferdig.

Ellers så minner eg om at det går mot påmeldingsfrist for kurset eg skal ha i Florø.  Er du interressert må du melde deg på.

Se her for påmelding

klem
lilla dør

torsdag 25. august 2016

Maritime gleder


 Helga 24. og 25. september skal eg ha kurs i Florø. 
Det nærmar seg påmelding.
sjå her for meir informasjon og påmelding



Det ligg litt inspirasjon og ideer til kva vi skal sy på bloggen.
 Sjå under etiketter Maritime gleder kurs Florø hausten 2016 i margen til høgre her på bloggen. Det kjem meir etterkvart.
 Sjå ellers under bloggen til Florø Husflidslag og annonse i Firdaposten i dag.

Klem
Lilla dør

tirsdag 26. april 2016

Hav og himmel slumreteppe




 Eg har sydd meg eit sengeteppe/slumreteppe i blått. Vart inspirert av ein serviett og av alle strandturane mine.......min favoritt turplass. 


 Quilta det med symaskina.  Steinstoffet er frihansquilta med stoppefoten, resten har eg quilta med å sy bua linjer på tvers. 





 Sele hamn


 Måtte ta teppe med meg ned til Selestanda ein ettermiddag....... til fotoseanse


 Nærbilde av quiltinga av himmelen. 


 Til lukkekanten valde eg svart stripete bomullsstoff. Eg likar litt slike makerte lukkekantar.


 Bakstykke er i dongeri (tynn og mjuk type)


Det var jillt å sy....... blir lite sying no på denne årstida.....mykje hage arbeid og brullaupsførebuinger.  Jillt det og :). Neste syprosjekt blir brudlaupsførebuing. Har ein heil rull med kvit lin som ligg klar til å sette saksa i:)

Ha ei fin veke forsatt.

Klem
Lilladør

torsdag 7. januar 2016

Fiskar i vårlege fargar


 Eg sydde ein store goé gryteklut / mugrug i friske vårfargar. Det vart siste syprosjekt i 2015.




 Sild? makrell? Fisk i allefall.


 Til pynt?






Dette blir ein liten del av eit kursopplegg der eg har tenkt sy maritimt utan klassisk kvitt og blått.


Klem
Lilla dør