Viser innlegg med etiketten Nqf. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nqf. Vis alle innlegg

mandag 24. mars 2014

Sørlandstur


Fyrste stopp var Kristiansand og ulike spennansde butikker der som Kreativ Quilt, Lyspunktet, Hansen & Co. ++++++ :) Og sjølvsagt innom kafeer:) . Kva er ein bytur utan kafebesøk, iallefall når ein reiser med godt lag.


 Lørdag ettermiddag var eg ein tur innom Nqf sitt årsmøte i Kristiansand. Mykje jillt å sjå. Både på utstillingane og i butikkane...... mykje fristande.


 Her frå Lappemakeriet sin butikk.
Frå ulike butikkar og litt frå utstillinga.


             Katrines Qulitestue, som forøvrig vann beste butikk-prisen. noko som var velfortjent.
Så no skulle eg jo hatt ei veke fri, fått sy litt etter all inspirasjonen, men pliktene kaller :)


 June frå Bernina var der.  Bernina er tingen spør du meg. Eg er veldig fornøgd med mi maskin.



 Litt stoffhandel vart det og........ikkje heilt tradisjonelle stoff for min del. Mykje mønstete stoff som eg fall for der og då. Såg med ein gong kva eg kunne bruke dei til :)




 Måtte jo ein tur til Grimstad og besøke studentane der:). Var innom ein veldig koselig og særprega kafe der søndag føremiddag før vi sette nasen heimover mot Jæren igjen.
 Cafe Ibsen med mykje sjel. Bare sjå:










Hadde heimturen tatt ein liten time til, hadde nok teppet mitt blitt ferdig. Bare eit og eit halvt nøste igjen:)
Det er ikkje lenge til neste biltur.......blir nok ferdig då. Eller før........

Velkommen til nye følgarar. Det varmar.

Klem
Lilla dør

mandag 18. mars 2013

Quiltetreff og årsmøte


I helga var det quiltetreff og årsmøte i Sarpsborg. NQF hadde 25 års jubileum. Fantastisk flott og inspirerande helg. Her er nokre glimt frå helga:


"Quiltegryte" fredag kveld med foredrag av Johanna Figueroa. Temaet var
 "Color & Design The Fig Tree Way". Ho hadde med seg masse teppe som ho hadde designa og sydd. Brukte for det mest Jelly Roll. Sjå fleire bilder frå foredraget til Johanna hjå Aby quilt.



 Bente Vold Klausen hadde foredrag om "Frå inspirasjon til produkt":)


 Mange butikker.....store fristelser:). Her ifrå Northern quilt.
Ellers er det fleire bilete frå dei ulike butikkane hjå http://hannequilt.blogspot.no


Kathrines Quiltestue vart kåra til årets beste butikkstand. Gratulerer! 


 Maurtua hadde bare stoff til salgs somvar igjenbruk. 


 Her er litt stoff eg snopa hjå Kathrines Quiltestue


Lørdag kveld var det stort lotteri og eg vann denne stoffpakken ifrå Jannes quiltestudio. 




 Vinnerteppet frå  åpen klasse i konkurransen "Ekstremvær", sydd av Kjersti Thoen
Gratulerer!


 Vinner teppe frå tradisjonell klasse Julie Kvamme. Ho vart også kåra til publikums favoritt.
Gratulerer!

Takk for jille og inspirerande helg. 
Neste Quiltetreff og Årsmøte blir i mars 2014 i Kristiansand.
Kan anbefalast:))

Klem lilla dør

tirsdag 20. mars 2012

Rapport frå Bergensturen sist helg.......


 Vel heime igjen etter ei fantastisk flott helg i Bergen. Mykje inspirasjon og mykje gildt. Mange gode kafebesøk med gode venninner, quiltegryte med foredrag, utstilling av tepper, "show and tell" av mykje flotte arbeid laursdagskvelden.  Fekk ta turen innom standen til Bernina.....  alt i alt ei kjempe flott helg. Takk til styret i NQF for flott arrangement.... gleder meg til neste gong. Kan verkeleg anbefale det. I tillegg til gode foredrag var det mange flotte butikker. Eg såg at bloggen til Abyquilt hadde lagt ut mange bilde frå butikkane på årsmøtet. Sjå her:http://abyquilt.blogspot.com/2012/03/norwegian-quilt-associations-annual_19.html           



 Eg snopa med meg heim litt stoff, mønster, knapper og tråd..... blir ikkje arbeidsledig med det fyrste. Litt tid til tur på byen i Bergen vart det og.  Mellom anna kjøpte eg meg Rosa/Lilla sko som passa godt  til ei slik fargerik helg i Bergen. Stoffa eg kjøpte var heller i dei duse fargeskalane. Vinter- og vårfarger. Eg tok nok ut fargane med dei Rosa/lilla skoa på. :))))))


På laurdag var det bloggforum...artig. Så no er eg blitt ein av Nqf`s quilteblogggere- :))). Eg håper og trur at bloggforum er kome for å bli på årsmøtehelga. Sjå også på bloggen til Nqf for meir innforasjon om helga. NQF.no


Klem Lilladør. 

Klar for syrommet i kveld......iallefall rydde litt der.


fredag 16. mars 2012

Er reist på tur........


Ynskjer dokke ei riktig god helg, med bilde av ein blomst eg fekk no i veka. Det varma, fekk til og med eigendesigna kort.....kanskje blir kortet til inspirasjon til ein liten quilt. 

Lilla dør er reist til Bergen :) 
Kjem tilbake med glimt frå helga på bloggen i neste  veke.




onsdag 14. mars 2012

NQF årsmøtehelg i Bergen


Kva skal eg sy av dette tru? Eg er litt usikker så eg trur eg skal vente med det til etter Årsmøtehelga i Bergen:) 
No gleder eg meg og er klar for å reise til Bergen. Har vore på fleire årsmøte i Norsk Quilteforbund før. Alltid like kjekt å treffe andre quiltarar. Uveksle erfaringer og bli inspiret av kvarandre. I år gleder eg meg spesielt til bloggforumet der eg kan treffe andre bloggarar. Det blir spennande......
Er har for anledningen lagt inn link til NQF sine sider på høgresida på bloggen. Trykk på den fine logoen. 


Eit glimt frå påskeløperen min.

Gler meg til å treffe deg på årsmøte.
Er det andre som skal på bloggforumet?

Klem Lilla dør.