Viser innlegg med etiketten Aktivitetskveld. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aktivitetskveld. Vis alle innlegg

tirsdag 10. desember 2019

Førjulskveld i hagehytta


 Mandag 9. desember hadde eg ein del damer på julekos med mellom anna laging av juletre. Gubben stod for maten, tradisjonen tro ( se neste blogginnlegg)


 Her er modellane mine...veldig fornøgd med dei



 Eit tre med einer og eit med thuja.


Gubben hadde støypt mange føter til oss. Støyp i engangsbeger eller youhurtbeger. Likte godt engangsbegeret, fekk slik fint mønster på foten


 Nokre av damene i full gang. Var sur vind denne kvelden difor måtte ein kle godt på seg, og det vart ingen bålpanne-fyring den kvelden.


Men mange fine tre vart det......


Klem
Lilla dør som snart er i julestemning

lørdag 10. mars 2018

Lilla dør hadde sykveld på Jæren Quiltelag.


 Saman med desse harane hadde eg sykurs på Jæren Quiltelag 7. mars. Det møte opp ca 28-29 damer med symaskiner, klar for sy. I løpet av tre timar vart mange nesten ferdige med sine påskeharer. 



 Eg hadde laga klar materialpakkar med ferdig på tegna mønster:) klare til å sy


 Mønster på Harane var til salgs. 







Det ligge mange bilder frå kvelden på Facebook se under Jæren Quiltelag. 

Klem Lilla dør

onsdag 7. mars 2018

Gulprikkete hare


 Klar for Jæren Quiltelag i kveld. Denne tenkte eg eg kunne ha slik utan klær på:) Blir riktig så påskete:). 


 På ein liten luftetur ut til ære for fotografen.



 Den lilla prikke på sida av haren er eit hjarte, varemerket mitt på desse harane. Syr det over der haren er saman sydd for hånd. Ein ekstra detalj.


 Vel plassert på kjøkkenbordet.


Ha ei fin og kreativ veke forsatt.... det er vår snart, iallefall her på Jæren.

Klem
Lilla dør

tirsdag 16. desember 2014

Førjulskveld i hagehytta



 Julepynta hagehytte er jillt. Igår hadde eg elgegløgg og hekleprosjekt der elg var temaet med gode venninner. Idag er det ungdommane som har inntatt hytta med litt strikk, mykje drøs og smaking av julekjeks.





 I går vart det gløgg og hekling av elg til ha på brusflaska, inspirasjon og oppskrift på den hekla elgen var carterandBrown på Instragram der det var link til bloggen der oppskrifta ligg.



 Denne snømannen min fekk ny eigar i går :)




 Rudolf er rød på nesen!


 Same oppskrift bare ulik tjuknad på garnet vart ein liten og ein stor.


Elgen frå i forfjor hadde full oversikt frå skapet:). kanskje likar han at han får godt selskap av fleire elgar.... kven veit?


Sjå den koselige elgen som flytta inn hjå meg i kveld. Takk til giveren.

Ha forsatt ei goe og kreativ førjulstid.

Klem
Lilla dør

søndag 14. juli 2013

Litt meir frå strikkekvelden på terassen

 I sist veke hadde eg strikkekveld på terrassen.  Sjå her
No har eg fått tilsendt nokre bilde av hageredskaper som har blitt heilt ferdige. Eg er så frimodig å vise dei.
Dei var kjempefine.


 Her er mamma sine. Ho fekk oppgåva då ho kom på besøk


Gerd sine


Elisabeth sine
Det er så jillt se kor ulike dei blir. 

Kanskje dette kan bli ei sommerutfordring for fleire

Forsatt goé sommar!
Klem
Lilla dør

onsdag 3. juli 2013

Strikkekveld på terrassen



 16 sett med hageredskaper venter på strikka "skaft".
 Eg hadde invitert 15 strikkeglade damer til ein kveld på terrassen. Urtruleg go´e respons. Kjempejillt! Det gav mykje inspirasjon og glede.


Kaffi- og tepauser er viktig. 








For dei som ynskte litt "hønestrikk" på skaftet hadde eg nokre utklipp av gamle mønster....dei vart flittig brukt:)




 Arne & Carlos si strikkebok var ide og inspirasjon, men me sette vår eigen vri på det både i mønsterstrikk og avslutning ved at me sydde dei fast og hadde hampetau til å henge dei opp med.


 Det mangla ikkje på kreativitet :)


 Etterkvart vart terrassegolvet til eit kreativt og fargerikt golv med mykje innhald, garn i ulike farger og kvaliteter, mønster, hageredskaper og korger. 



 Det vart produsert mellom 30 og 40 stykke den kveldstunda. Alle strikka ein... mange to...... og ei klarte tre stykk :)




 Desse vart strikka av kveldens "vinner" . Ho klarte tre stykk. Gratulerer!


Det var godt at me hadde mange varmekjelder på terrassen, då den finaste sommertemperaturen svikta denne kvelden og. Men stemninga var goé. Strikkepinnane og drøset gjekk godt:))
Jillt dokke hadde lyst å vera med på dette prosjektet og........det blir nok fleire strikkekveldar i hagehytta til hausten.


Klem
Lilla dør