søndag 31. januar 2021

Kristtorn genser


Har strikka ein genser til meg sjølv....det er ikke ofte. Egostrikk som det blir kalla..... eg falt slik for denne "julegenseren". her før jul men tydelig at det var mange som ville strikke i lett lopi garn ellers så var det produsert for lite. Eg mangla eit nøste i den grønne fargen men det ordna seg til slutt. 
 

Dette var et perfekt bil og ferie prosjekt i jula





Klar for juleferie og romjul på hytta reiste eg med nytt strikk ( hadde sjølvsagt fleire strikk med :))))

 


 


Genseren er strikka i Lett lopi  på pinna nr 5. I lysegrå farge og flaskegrønn 1407 



Mykje mønster strikk på bærestykke....vart varmt og godt.... prøvde den i dag i snøen. Hatt familiedag ute.....




Rimmen design (Dragger Danmark)



I utgangspunkt skulle det være julegenser. Kristorngenser med røde bær ( i djup rød nr 1409) eg prøvde å sy på bær litt men fann ut at eg ville vente til jul igjen. Kan sy på då ....då blir det julegenseren min i 2021. 


Franske knutar.


Eg kjem til ha mykje glede av den i vinter både her på Jæren og på hytta. 


Klem
Lilla dør


onsdag 27. januar 2021

Margotbuksa i Sisu


Har strikka margotbuksa til ministrikk til ein av bestemorgulla. Strikka den i fin brunfarge i Sisu fra garnlageret mitt...... brukte pinner nr 3. Strikka i størrelse 0 til 6 mnd.
.

 
Strikka beina i magic loop teknikk. Har endelig funne ut at det er ein greie måte å strikke ermar og bein på


Klar til bruk... godt med ull no i  det kalde vinterveret.






Til å vokse i  med lange bein med oppbrett og lange seler til å flytte knappane på etter kvart.



klem
BESTEMOR/ Lilla dør

søndag 17. januar 2021

Krabbeteppe pluss pluss:)


Sydd eit krabbeteppe til  dei nye guttebarnebarna... starta på det i haust før dei var kommet til verden. Så kom jula og plutselig var det på høg tid gjere dei ferdige. Vart ferdig med det eine no i helga. Det andre er like om hjørnet. Sydd dei fra stofflageret. I dette teppe er det lin, libertystoff og det gode gamle bamsestoffet som eg sydd av når mine barn var små......
.

Kvadrata er skorne i 4 x 4 inch.
Lukkekanten sydde eg av linstoffrestane. Klarte akkurat å nå rundt....


Litt pynt og informasjon er viktig



Eg vatterte det med ullvatt, brukt dobbelt vatt slik det vart mjukt og varmt......kan være inspirert av kulden vi har no:)). Til bakstykke brukte eg Debbi MummS stoff Noas Ark i fin himmelblå farge. Eg var stor fan av Mums the word. Dette stoffet er virkelig fra stofflageret med lang modningstid. 


Bakstykkestoffet



Av resten av libertystoffet med små bilar laga eg to mapper/poser med glidelås til å ha ting og tang i. Eller/og leiker etterkvart.





Eit dagens tips.; 
Eg rulla krabbeteppe saman og putta det inn i tricotpose( slik som er rundt strekklakenen når ein kjøpe dei). praktisk og godt når ein tar med seg teppet når ein er ute eller/og på besøk,



 Tatt i bruk med ein gong......



Klem bestemor


søndag 10. januar 2021

Brodert dynetrekk


Eg starta på dette broderiet for mange år sidan...... endelig fått det ferdig. Eg fann ut det passa godt på eit barnedynetrekk. som tenkt så gjort :)))


Broderimønsteret er Rabbitshaven sitt med tittelen Families are forever.
Eg tegna mønsteret over på eit bomullsstoff og har brodert.



Slik ser sjølve broderiet ut. Eg monterte det på eit fanellstoff  til Moda fabrics.  Det blir eit mjuk og varmt dynetrekk til ein av mine nye prinser. 





Klem
Lilla dør

fredag 1. januar 2021

Godt nyttår


Godt nyttår og takk for det gamle.
Tusen takk for kommentarer, det varmar. Kjekt at dokke legge igjen eit livstegn når dokke er innom bloggen...... det gir inspirasjon. sjølv om det viktigaste for meg er å dokumentere det eg gjere i  min lille kreative verden og på håndarbeidsfronten :)). I tillegg gjere det det lett for meg å dele det med mamma som bur eit stykke unna meg, men er god på iPaden og fangar fort opp nye blogg- og instragraminnlegg  (#karialise). Det er bra!!!

Totalt har det vore innom 598 590 på bloggen på desse 10 åra eg har blogga! Eg er imponert og takksam.


Deler nokre romjulsbilder fra
 #verdasjillastehytte






1. nyttårsdag,  minus 1 grad og tynt slør med is på sjøen og nydelig blåtone på sjø og fjell.

GODT NYTTÅR!

Gler meg....

Klem
Lilla dør