søndag 29. desember 2019

Heimestrikka lubbar


 Tanta mi på 95 år er ein ivrig strikkar som eg har skrive om tidligare. Vi var innom der i jula. Jammen hadde ho to par gode strikkalubbar til junioren og meg. Ho har laga mønster og fargesamansetning sjølv....eg har ein draum å samle alle mønstra hennar .......kanskje ein gong.



 Sokkane er doble pga at det er så så masse mønster strikk. Perfekt hytte- og hybelsokkar/tøflar. Tusen takk tante. Kjekt du har glede av å strikke ennå.





 Svigermor hadde strikka desse gode sokkane til meg..... Perfekt til ha i joggeskoa eller støvlane. 


 Mi svigermor nærmar seg 87 år og er ein kløppar på strikkepinne. Mange å strikke til både store og små.... både barn, svigerbarn, barnebarn og oldebarn. 


Klem
Lilla dør

lørdag 28. desember 2019

Dokkeklær til "baby liten"


Her er baby liten og eigaren av dokka - "bestemorgullet". Denne hua sydde eg til nissefesten i barnehagen no i starten av desember.


Strikka litt.... strikka dei i ribb då blir dei lett og tøyelige å kle på for ein to-åring. Dokka er litt mindre enn BabyBorn så eg måtte strikke dei litt på måfå men eg håper det gjekk greit. ( har ikkje fått testa kleda ennå)





Eg sydde ein sovepose av noko gamalt eg hadde liggande sidan mine prinsesser var små. I grunnen greit å ha eit stofflager.



Passa perfekt opp i vogna til bestemorgullet




Skjørt likt dokkemora sitt


Klem
Bestemor og Lilla dør

torsdag 26. desember 2019

Pepperkakehuspynting-konkurranse


Me hadde julegrøt hjå oss på verdasjillaste hytte 23.12. Då laga me til bordkonkurranse med bygging og pynting av pepperkakehus. Me var 14 stykk.  Så då vart det greit med tre lag. Mamma vart dommer etter gitte kriterier :) Lagånd, kreative løysingar og sluttresultatet.




Litt uheldig eller kreativt med skeiv vegg ???


Hus? garasje? :))))




Dette vant !!!!!


For mykje framandelement meinte dommaren



Ha ei fin romjul

Klem
Lilla dør på juletur

onsdag 25. desember 2019

Julegåvesekker


Har sansen for julegåvesekker og har ofte laga det til dei håpefulle, spesielt viss dei skal feire jul vekke, enten det er hjå svigers eller storfamilien samlast.



Desse laga eg av løper og duk som eg fann til halvvpris. Kjekt når juletingene blir satt ned til 50% allerede tidleg i desember.


Home for Christmas 




God jul!!!!


Klem
Lilla dør

tirsdag 24. desember 2019

Nye lue til studenten


RiB uni-lue strikka i
  Alpakka forte classic. Dalegarn si oppskrift. brukte litt over eit nøste.


Har vert eit kjekt turstrikk, som mellom anna her i London saman med mine døtre. Kjekt når me deler strikkegleden :)



Håper mottaker vil like den..... Kanskje blir den å finne under juletreet. 

Klem
Lilla dør

mandag 23. desember 2019

Vart litt julebakst iår og


Eg sa vel i år som andre år det skulle bli lite julebakst, då tenke eg på kaker etc. Jærbakst er viktig. Men det vart litt i år og....havrekjeks som juletre dekorative og gode er dei.



Det å ta nybakt ned på bordet på brygga til naboen på hytta er julekos. dette bilde vart tatt 23.12. 


Årets nyhet :)) marengs som juletre




Pepperkaker må man ha...knallgode mellom anna til blåmuggost



Endå ein nyhet i min famile det er pepperkakehus, iår vart det ein konkurranse i eit juleselskap


Rocky Road sjokoladekonfekt


1 juledagsbrød må man ha til frokost/brunsj 1. juledag. I år vart det felles frokost/brunsj saman med mor mi og mine søsken med familie på hytta.

tirsdag 17. desember 2019

Juleverksted med noko attåt hjå ei venninne


Kjekt når ein blir invitert til julevekstad hjå ei venninne . Me fekk julegrøt og deretter fekk vi utlevert materialer og mønster til desse fine snømennene. Kjempe kjekk og kreativ kveld me hadde i går.


 Til og med denne klossen som me skulle lage snømannen på var klar:)) 


 Her eg i full gang med min. Fem hoder opppå kvarandre vart det.

Snow stack designa av Linda Pavis



 Nasesying neste steg for min del.



 Min er den heilt til høgre men eg vart ikke ferdig den kvelden og er fortsatt ikke klar med den. Men skal legge den ut her så snart den er klar. Akkurat no er det julefeiring og familietid.... 


 Her kom ikke min med på bilde....litt blyge visst.

Klem
Lilla dør