Viser innlegg med etiketten eggvarmarar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten eggvarmarar. Vis alle innlegg

søndag 20. mars 2022

Egge høne


La opp 40 masker på pinner nummer 5,5 og strikka dobbel lengde av bredden:) . strikka i fridtidsgarn. Det gule er plantefarge garn Bjørk. Totalt brukte eg 75 gram garn.


Lunsj i fjæra i vinterferien for ei god veke sidan.... strikket var med.
dette er eit av fleire vinterferie strikk...... kjekt med slike småstrikk.


Sydd saman og strikka hanekam før eg tova den på 60 grader i vaskemakina




Klar til bruk



 Klem
Lilla dør

tirsdag 22. april 2014

Eggevarmer


For sju år sidan var eg på ein tur til Berlin. Som vanleg var eg innom ein strikkebutikk. Då kjøpte eg mellomanna denne boksen med garn til seks eggevarmarar. Eg har alltid likt godt boksen og den har i grunnen vore for fin til å bruke :). Men no var tida inne..........modningstida var over:). Så i påskehelga har eg strikka 9 luer. Dei tre med striper er restegarnet av dei 6 fyrste:) Eg fekk brukt opp alt garnet.


Fine fargar.


Klar til aksjon,  eg strikka dei på pinner nummer 3,5.


Heile gjengen.


Dei seks fyrste.



ton i ton.



Klar for eggefest.





Ha ei fin veke. 
Nyt det fine sommarveret, eg burde vore i hagen og byrja på våromnna:) men men!

Klem
Lilla dør

mandag 12. mars 2012

Topplue eggevarmarare


 Klar for eggkoking:)


Til dette prosjektet testa eg ut dei nye strikkepinnane eg fekk. Firkanta pinnar, dei var kjempe goè å strikke med.  Dei selger dei hjå Anny på Bryne - Idestova.



 Eg strikka dei i Alpakka. Ideen såg eg utpå eit strikkemagasin som ei venninne hadde med seg på ei strikkeforening. Bladet heite Filati. Eg har ikkje fylgt den oppskrifta men tok ideen derifrå:))) Eg la opp 34 masker og strikka rett opp og felte av lua på dei to siste omgangane, laga dusk rundt to papprundinger og sydde den på lua.


Artig å strikke. Kjekk å bruke. 



Ha ein fin mandagskveld! 

Klem
Lilladør.

torsdag 24. mars 2011

Fotball eggevarmarar!!




Har strikka eggvarmarar i draktene til faborittlaga til guttane i familien.Tenkte det passa å sende med dei når dei skulle på guttatur til Oslo og heie fram NORGE  til seier over Danmark på lørdag.
 
Heia Norge ! Heia Bryne ! Heia Arsenal!!!!



torsdag 10. mars 2011

Eggevarmarar

Vart inspirert til å lage desse eggevarmarane av bladet Strikke magasin Nr02/feb2011. Eg laga mine eigne varianter som passar til mine gule kuverbrikker no til våren. Kjem fleire etter kvart!!