lørdag 27. juni 2026

"Easypeasyscrappysockskal" 2026



Ei skoeske full av fargerike og melerte garn. Starta no i starten av juni



Strikka begge sokkene samtidig.




 Fargerike og ulike


Har starta på par nummer to, har sikkert nok til det tredje paret og. Litt artig å få bruke opp gamle rester. Er sokka garn så dei blir slitesterke men ein del garnender å feste :)


Klem
Lilla dør

fredag 19. juni 2026

Ny trekk til to gamle fluktstoler


Her stolane ferdige, er som nye spør du meg.  Desse tilhører ein av mine håpefulle. Forresten eg såg dei solgte desse nye til prislapp på nesten 5000,- då er dette bedre.  Fått gratis på finn og kjøpt litt markisestoff på Self made (Stoff og Stil). Like fine spør du meg.



 



Klem
Lilla dør
 

 

onsdag 3. juni 2026

Islender, ny genser til gubben.


Strikka islender i 3 tråds ullgarn frå  Lofoten Wool. I fargane skarv og gress.
 

se meir om designeren og garnet her    



 Klem
Lilla dør

tirsdag 2. juni 2026

Fiskehandel


Sjå dei fine fiskane eg kjøpte sist helg hjå Skaperglede på salgsutstilling i Hommersåk.  Trur dei blir fine på sommarbordet på verdasjillaste hytte. Kanskje kjem det stemningsbilde derifrå i sommar.


 Klem
Lilla dør

onsdag 20. mai 2026

bunadmekking før 17 mai

Det vart nytilpassa bunad i år og.  Desse har bestemorjentene brukt sidan dei var to og fire år. Likeså har jenten mine brukt frå  dei var to og fire år. Eg har sydd ut og inn og bretta stakk alt etter behov. Kjekt å få det til , sjølv om det tar tid..... men alt blir ein vane. No treng eg ein bunad til. Eg har tre treåringer som står klar neste år.

 

Her ser ein nedbrettet  på stakken. 
I år kom eg litt skjeivt ut, måtte ha bunaden med på hyttetur (Turistforenings sin på Gaudland) rett før 17 mai.  Godt å ha ei lita tur/klubbsmaskin :)))))) Fordelen var at eg hadde jentene rundt meg då eg sydde . 


Hadde litt å gå på her :) så den passa perfekt iår og. Sunnfjordbunad har flott og perfekt ullstoff til å drive med slike justeringer år etter år. 




Når eg henge vekk bunadane tråklar eg inn foldene for at dei skal halde seg lengre.


Klem
Lilla dør

 

tirsdag 12. mai 2026

Neversokkar


Neversokken er Rauma design. Eg har strikka dei hillesvågsgarn. Originalgarnet er Vandre fra Rauma.
Var ein ny måte for meg å strikke sokkar med å strikka helen tilslutt, strikka inn ein hjelpe tråd der eg skulle ha  helen.




 klem
lilla dør

onsdag 22. april 2026

Dukkehus samling


Siste klubbkvelden før sommeren laga me små vesker av små stoffbitar med vatt inni. Fine vart dei. Veldig jille kvelder hjå Tone Henningsen Høie, bitteliten miniatyr. Eg er heldig som fekk være med der. Takk for mykje inspirasjon og glede. Mange flinke og kreative damer.
.



Me laga nokre små barnklær til pynt på barnerommet. sydde litt og limte litt

































klem
Lilla dør