onsdag 15. desember 2021

Julegåveposer av gardinkapper...redesign



Motivet på det lyse stoffet er fra ei kjøkkengardinkappe. Har applikert det på grå lin før eg sydde det saman til  gåvesekk med knyttebånd rundt åpningen.


Ei høgd kjøkkengardin med julemotiv vart plutselig ein koselig gåvepose. ....spør du meg.

Det er vel dette som ein kan kalle redesign?


 Eg gjorde eit kupp hjå Kid interiør.  Dei selde  julegardin /kapper tilden  nette sum av kr 50,- Får mange gåveposer av dei. Iallfall når eg kombiner dei med lin, slik  eg har gjort med den grå her.  Den med røde hjerter er sydd av ei kjøkkengardin som sagt. 
 

Det motivet kunne ha vore fint til kuvertbrikke og....kanskje det kan bli neste prosjekt. Har mange motiv igjen fra den gardinkappa eg kjøpte. 



Gamal gåvepose ....den stadig brukt oss i mellom ved levering av gåver med jul. No når barna feira nokre juler hjå deira svigerforeldre. er det greit å frakte pakkene i og kamuflere  dei litt :)


 Klem
Lila dør

tirsdag 14. desember 2021

Nissesokkar




Bestemor strikk til mine to barnebarn på to og fire år. Tenkte dei var kjekke no desember. Alltid like kjekt med slike småprosjekter.



Fekk inspirasjon og ide på Instagram  Men brukte mi eiga oppskrift. 







Kjekke å strikke. Starta med tåa.  Strikka dei i garnet Sterk på pinna nr 3,5.






Klar for nye eventyr..... 

Klem
 bestemor/lilla dør














søndag 12. desember 2021

Nye bakeforkle og pepperkakebaking


Sydd kvar sitt juleforkle til to av barnbarna mine. sydde det fra stofflageret uten mønster. Dei vart så store som dei blei. Hadde begrensa med stoff men dei passa perfekt. fekk til og med sy ein prosjektpose av samme stoffet. 


Koselig julestoff fra ei tid tilbake:) men llike fint for det.



Klar for baking med bestemor og bestefar... det er jillt......


Kan regulerast her ....har litt å veksa i  :)))


Masse fine kunstverk....



 

Se så fine dei vart 

Klem
bestemor

lørdag 11. desember 2021

Julegrøt på terrassen andre lørdagen i desember


Tradisjonen tro var det julegrøt og gang rundt juletreet på terrassen saman med barn svigerbarn og barnebarn. Sjølv om det var lite sol og ca 5 grader gjekk det fint med gode klær og ein del aktiviteter :)



Bålpanne, gode tepper og skinn varma og.


At bestemor har duk lik nattasane til nissane i Amailas jul :) seier vel kanskje litt om duken. Godt med gode minner:))
Men kven finn mandelen?


Eit av barnebarna fekk den. Kjempe jillt!! Stor stas å få med seg grisen som bestemor hadde sydd. ( sjå eige innlegg)


 Viktig med gang rundt juletreet!!!

Klem
Lilla dør

fredag 10. desember 2021

Julestemning på terrassen


Kjekt å pynte og bruke hagen og terrassen om vinteren og.....
.

Litt granbar rundt ein pinne vart i grunnen eit brukbart juletre ved trappa.... 


Ein blomsterkasse er dekka godt til med grønt. Det både pynta opp og det det luna godt for det som er i jorda. Kanskje staudene kjem opp at neste år






Her i starten av adventstida kom det litt snø som gav endå meir julestemning.


I morgon er det julegrøt med mandel og gang rundt juletre på terrassen. Håper det blir fin ver. Kjekt familietiltak no i desse koronatider.  


 Klem
Lilla dør

torsdag 9. desember 2021

Julegrisen 2021




Årets julegris. Rund og god! Sydd i lin. Brukte mønsteret til sStoff og Stil. Den største av grisane, han finns i to størrelser.


her er nokre griser eg sydd i 2016





Her klar som gevinst til mandelen i grøten til lørdag. Då skal vi ha familiegrøt på terrassen........
Det gler meg at fleire ynskjer seg veldig ein julegris :))). Kanskje eg må sy nokre til julegave neste år eller la det bli ein tradisjon med denne type gris til mandelen i grøten i førjulstida. Har kun 1meter stofff igjen....skulle hatt meir.....nokon som har til salgs?


 Klem
Lilla dør


onsdag 8. desember 2021

Engleduk ....


Denne lille runde søte engleduken er jille å ta fram no i desse adventstider. Sjølv om det er ein duk eg kan bruke heile året. Dette var eit klubb prosjekt for nokre år sida som eg aldri fekk ferdig. Eg fekk hjelp av mamma til å sy den ferdig.


 Klem
Lilladør