fredag 12. mai 2017

Nye puter til terrassen



 EG har sydd nokre nye puter til terrassen av stoff som eg kjøpte på Stoff og Stil. Putene er 70 x 100 cm
se meir av dette stoffet her


Dei passa godt saman med grå lin 


Denne brisken er ekstraseng/sitte plass på terrassen. Goé til krype opp i og til middagskvilen. Me er og ofte mange og då er det godt med ekstra sitteplasser. 


 Hadde litt igjen av stoffet.  Det blir eit slumreteppe etter kvart til terrassen det og. Kan kome godt med ein kjølig kveld eller til middagskvilen.


Ha ein fin kveld vidare.


Her er det grilling i kveld..... 
Klem
Lilla dør

mandag 1. mai 2017

Makrameoppheng

Har lenge hatt lyst til prøvd gamle kunster med makrame:).  Kjekt å merke at det satt i nevane ennå. Kjempejillt å gjere det. Snaut var det og, det var ikkje lange stunda eg trong på desse to blomsteropphenga.


 Så i går kveld fann eg nøste og brukte døråpninga på terassedøra på kjøkkenet som arbeidsfelt i solnedgangen. Kan det bli betre :)))



Klar til bruk.....eg skifta den kvite potta til ei litt større. Pottene fann eg på Søstrene Grene for ei tid tilbake.



Har fyllt begge blomsterpottene med museøre. Ein dekorativ og fin plante til å ha på terrassen.





Ha ei fin mai veke. Her er det jubileums veke. Stor dag skal feirast til helga. Me gled oss, håper på godt vér slik at vi kan få nyte hagen då og. Slik me har fått gjort denne helga.


Klem
Lilla dør.

søndag 30. april 2017

Hagesokkar /vårsokken

Har endelig fått festa trådane på vårsokkane eg strikka no i vår. Mønster og garn er frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, design Berit Løkken. Strikka i Fjell sokkegarn  på pinna nr 4. Sokkane vart ganske tjukke .......nesten litt for tjukke, men heilt ok til mitt bruk. Goé å ha når ein sit ute på terrassen om kveldane.... er nett byrja på årets sesong for det. Har nett fått flytta inn på terrassen no når våren endeleg er komen til Jæren. 



 Klare til bruk


Eg sydde meg nye puter på terrassen i helga


 Kjekt når det varmast og ein kan flytte "ut "


 Har snopa to nye hagebøker denne våren. Det er fantastisk bare å sitte og drøyme seg vekk. Faren er vel at ein kan få for mykje fristelser.... Men denne boka, Barbeinthage, er ganske så jordnær bare ein ser mulighetene.


Las i ettermiddag om afrikansk lilje.  Eg har faktisk ei som eg har hatt i mange år men i fjor blomstra den ikkje. Håper den kjem med blomar i år. Grønn og fin var den då eg tok ho fram idag. 


 Har vore innom Wiig Gartneri i helga, måtte bare:) 


Forsatt goé helg.... 1. mai i morgon og me har endå ein fridag i sikte..... ikkje feil med langhelg.

Klem
Lilla dør

onsdag 19. april 2017

Endå fleire luer


Eg har strikka to slike luer...... den fyrste strikka eg sikkert før jul men strikka ferdig lue nummer to no i påska. Garnet har eg kjøpt hjå Ingeborg (Ullrommet). Kjempelekkert og kreativt garn :) 


Effektfullt garn


Hadde litt lite til lue nummer to med strikka inn ein anna garnrest 


Eg fann nokre små nøster med restegarn på hytta ......jammen klarte eg ikkje å få ei lue av det og. Desse tre luene blir slike hytte luer. Vi er mykje på sjøen og på tur og då er det godt med tjukke og varme luer som tåler både litt regn og vind..... 


Denne har fått ny eiger. Skal ha skinndusk.... Strikka av Hillesvåg-garn


Påskas produksjon

Klem 
Lilla dør

tirsdag 18. april 2017

Påskeegg


 Inspirert av bilde på Instagram måtte eg prøve meg på ein ny variant av påskeegg :) Skar ut åpning for tappekranen og putta vinpose oppi. Ganske dekorativt og morsomt. Passa perfekt å ha med på naustatreff i påska... 


 Klem
Lilla dør

tirsdag 11. april 2017

Påskeharer på husveggen :)


Ei av mine  håpefulle og eg har hatt påskeverkstad i skogenkanten i dag. Knalljillt. Laga oss kvar vår påskehare etter inspirasjon ifrå ei anna Kari :)


Fyrst måtte me finne oss nokre greiner i skogholtet og det var mykje å ta av....



Byrjar å ta form


Kvar sin :) Heng på hytteveggen.




Også vart det reirkrans til denne søte forvokste kyllingen som har inntatt fuglehuset no i påska... 


Forsatt god påske. Denne goasen har full kontroll.....

Klem
Lilla dør

lørdag 8. april 2017

Havrekjeks


 Heimelaga havrekjeks er i grunnen fantastisk godt. Eg plar laga det til jul og til påske. Veldig greie til ha på hytta og med på tur. Har i grunnen alltid kaffimat då :)))


Eg fekk låne eit lam kakeform av ein kollega, litt artig no til påske. I tilegg vart det runde og eggeforma havrekjeks.


Klar for påske :)))

God påske!

klem
Lilla dør