søndag 2. april 2017

Litt "påskestrikk" denne veka


 Strikka to luer på pinnar nr. 9 sist veke. Brukte rein merinoull Ragazza frå Italia kjøpt hjå Wolle Rödel i Tyskland :).  Fekk akkurat nok garn til to luer, brukte totalt 150 gr, ( 68 gr. og 78 gr).


 Ei herre- og ei damelue vart det. Damelua la eg opp med 40 masker og herrelua med 44 masker.  Eg strikka kun rettmasker utan brot :))) Så i grunnen vart ein ferdig nesten før ein starta. Mjuke og lette vart dei .... håper dei varmar mottakarane på høgfjellet i påska!


 I tillegg hadde eg eit blandingsgarn, Polar Duo frå Wolle Rödel, tre nøster av det og. La opp 62 masker og strikka ein rett og ein vrang.  Brukte alle nøstene. Lett og varm hals/lue.


 Sist veke var det nokre fine ettermiddagstimer der ein kunne sitje ute og strikke og drikke kaffi. Det likar eg...... då er det vår på Jæren igjen.






 Den eldste av gutane mine og svigerdottera mi er no på veg frå Finse til Sirdalen på ski.... med kvar si pulk på slep. Håper dokke får ein fin tur.... ser at lua er på. Glede.

God tur!!!
Lilla dør.

onsdag 29. mars 2017

Endå ei lita mappe



Måtte bare teste ut litt meir av desse sjokolade- veskene/mappene. Denne hadde eg plast utpå (vindaugeplast til båtkalesjer).


Denne har eg tenkt å ha sjølv til ha med  diverse i tursekken. Litt plaster, støttebandasje og andre greie ting å ha liggande i tursekken.


Klem
Lilla dør

mandag 27. mars 2017

Gjenbruk kupp igjen :)


Kupp igjen 


 Denne store skåla på ca 25 cm  er frå Stavanger Flint




Desse desserskålene er Figgjos Flint.

 Barndomsminner, trur det må være hjå mormor eg huska dei frå. Gubben hadde slike i sin heim og. Hjå han var det den med druer på som var favoritten. Gode minner og eit gjennbrukskupp :)))



 Sjølvsagt måtte dei innviast med sviskekompott


 Fann og ein gammal brodert løper på grov bomull... kan ha vore ein gamal mjølsekk. Fin var den, litt grovt preg men med eit  fint broderi. Kan bli ein koselig løper på sommarbordet.

Artig med Gjenbruken bare du er på rett plass til rett tid.


Litt krøllete her men blir knallfin når eg fått vaska og strøke den..... 

klem
Lilla dør

søndag 26. mars 2017

Vår ....trur eg


 Lørdagssnopet denne helga.... fioler. Knallfine fra Wiig Gartneri. 




 Jillt med litt fargar på terrassen igjen, I dag er det meldt 10 grader så eg reknar med kaffi der då......





 Her er gubben i gang med fjerning av bed.....


 kalken er kommet på plenen.


 påskeliljene blomstrar


 Ramsløken


Rababraen kjem og :) gleder meg til råsaft igjen....

klem
Lilla dør

lørdag 25. mars 2017

Hekla fuglar



 Her om dagen hadde me klubb :) denne gangen var me i Stavanger. Me hadde med ulike prosjekt som me holdt på med. I tillegg fekk me prøve oss på litt hekling. I fine vårfargar hekla med Tovegarn og heklenål nr 4,5.  Mønsteret me brukte var Sandnesgarn sitt i frå juleheftet deira.


 Eg hekla heile 6 stykk og no er dei komne på ei grein i gangen. Litt nytt pynt er alltid kjekt. 


Ha ei fin og kreativ helg.

Takk for dokke ser innom ekstra takk til dokke som legg igjen ein kommentar! 



Klem
Lilla dør

onsdag 22. mars 2017

Sjokoladeposemapper :)


 Eg har leika meg litt med symaskina. Hadde ulike snopeposer.... og masse gamle gliderlåser.  Sydde glidelåser i posane og sette fôr i dei. Plutselig vart det fine små mapper til ulike småting til ha med seg. Artige å sy. Gubben meinte det var fin kombi eg fekk posane og han sjokoladen:)


 Kanskje kan dette bli ei nye fine toalettmappe til ein av studentane. Kan ha tannkost og tannkrem i den på hytteturen i påska.:)


 Foreløpig er det blitt 5 stykk....blir gjerne fleire.....







 Kanskje kan det bli ei liten portemone .....til ha snopepengane i :))))


Klar til utdeling og bruk!


Klem
Lilla dør

mandag 20. mars 2017

Gult er kult



Eg strikka meg skjerf på fredagskveld. Eg var åleine heime så  då vart det nokre timer på det "nye"  syrommet. Eg hadde jo snopa 300 gram i ei restekorg med ullgarn i varme gulfarge.



 Hadde fint selskap av desse flotte englane i ullfilt.


 Eg valde å felle av for hånd då eg ville ha 5 cm vrangbord til avslutning og opplegg.


 Klart til bruk
blir gjerne årets påskeskjerf i familien:). 




 Fekk endelig festa trådene på mariusvottane eg strikke på ein av dei mange bilturene no i vinter. 


Klar til bruk etter at eg tova dei på 60 grader.

Klem
Lilla dør