søndag 13. september 2015

Putetrekk med heklablonde og rysjekant


 Hekla blonder felt inn eit putetrekk. Eit fint og lite slitt putetrekk var eit kupp her ein dag på Gjenbruken.


 Mykje fint handarbeid bare i saumen av putetrekket.




 Klem
Lilla dør

fredag 11. september 2015

Turi design Astrid


 Kom over tre slike sett på Gjenbruken her i sist veke .......måtte bare. 
Det blir nesten ein "sport"  :))
Dei var kjempefine i glasuren og passa perfekt inn på hytta.




Igrunn eit fint mønster det og..... spennande med alle desse fine retroservisene. 

Det blir nok fleire turar til gjenbruken.......på nye skattejakt.
God helg!
Klem
Lilla dør

torsdag 10. september 2015

Nye gryteklutar og filler på hytta


strikka dei i dobbeltråd to farga.  Når eg var ferdig med dei to fyrste som var heilt like. Fann eg ut at eg hadde nok til ein til...... Kvifor alltid to grytekluter ofte leiter man etter nummer to. Også fekk eg brukt opp heile nøstene.



 garnet var impulskjøp hjå idestova rett før ferien....se alle dei flotte fargane.




Desse nøsta vart med til hytta i sommer. Fint "pynt" på fatet spør du meg:)



  Klut i dominostrikk.





 Hempene sydde eg på skrå av skråband



 Sist helg var eg på hytta igjen. Då tok eg gryteklutane i bruk. 
Har tid då og koser meg med baking. Alltid litt folk innom og då er det godt med nybakt:),
som her,  bollefuccatia, fantastisk godt med eggkrem, blåbær og perlesukker.

oppskrift her på bollefuccatia


Hjertefuccatia til kvelds var heller ikkje feil. Bakte det av speltmjøl.

Klem
lilla dør

onsdag 2. september 2015

Rosete


 Eg snopa med meg litt te heim frå Rosendal........nokre av mine håpefulle liker godt te
sjå meir her frå Rosendal


 Teen smakte godt i rosekoppen min.



Fin på farge og utsjånad... eg måtte ta bilde av norgesglasset med  te i. Den var så "fin" at det blir "blomsten" min på kjøkkenbordet ei stund no saman med dei norske eplene vi kjøpte med oss. :)



Haustlige gleder


Snart helg igjen......nyt den:)
God helg!

Klem 
Lilla dør

tirsdag 1. september 2015

Mens me fyrst var i Rosendal måtte me innom Baroniet



I rosehagen på Baroniet er det bare fantastisk masse flotte roser. Dei stod i full blomst sjølv om det var siste helga i august.



Frå den gule sal og ut i hagen.........


Mot inngangen til borggården.


Bildet er henta frå boka Rosendal-slottet frå 1665. Et underlig, levende minde.


Frå ein del av hagecafeen.  her var det ikkje få planter!






Tvillingblomst og pelagonia.


Glimt frå urtehagen.


Potetlefse frå Hardanger.....den var fantastisk goé den smelta meir eller mindre på tunga. Nysteikt og med smør og sukker på.


 Salat rett frå hagen i bakgrunnen.


Ein fantastisk opplevelse å få sjå dronning Sonja og dronning Margrethe sin kunstutstilling som hadde si nest siste helg på Baroniet. 



Bildene er tatt frå katalogen til utstilling :)
Dronning Sonja og Margrethe sine bilder.

klem
Lilla dør

mandag 31. august 2015

Rosendal Turisthotel :) garnglede i Rosendal


I helga var eg og gubben på tur til Rosendal.  Eit av hovedmåla var å sjå og oppleve dette hotellet. Eg som strikkeglad og med sans for kreative utspill var dette ein plass å hente litt meir inspirasjon:) noko som me sanneleg fekk. Kan verkeleg anbefale ei natt eller to der.



Ulike fargar på strikket prega dei ulike romma... me var i den gamle delen. 


Oppskrifta og meir om denne stolen finn du i boka Fargeglede og på bloggen til hotellet.
Denne stolen stod faktisk på rommet vi låg på:)


Ulike fargar på romma prega tilbehøret der




Siden me hadde noko å feira vart det tre rettars middag på nabohotellet. Dei hadde ikkje middagsservering på Rosendal Turisthotell den kvelden.





Det var og spøta trekk til Seed lampa. sjå oppskrift i boka:)


Denne lysekrona framheva designet og fargane på det isblå rommet. 


Litt spøt "på gang" i resepsjonen eller heller til pynt spør du meg.
Det kjem an på auget som ser




Perlehøns heldt til i gangen:)


Løp og kjøp..... som det står i boka; "et univers fullt med håndstrikk,gjenbruk, redesign og design på Rosendal Turisthotel vart til ei boka til slutt" sitat slutt


eg var så heldig at eg fekk kjøpt oss kvar vårt sokkapar. 


Kan anbefallast på det varmaste.  Eit hotell med særpreg og litt utan om vanlege...... kjem nok igjen!


Klem
strikkeglad  Lilla dør