fredag 10. juli 2015

Måtte innom utstillingnen igjen til Frida Hansen


 Eg måtte bare vise litt meir frå utstillingen til Frida Hansen. Eg var innom for andre gang i går...... Det blir kanskje fleire gonger og:) Eg ser noko nytt kvar gong og blir like fasinert. 


 Litt detaljebilder


 Frida Hansen brukt ein god del open renning. Rik på fantastisk detaljer.



 Baksida på  bilde Juni...se effekten av open renning



Sommernattdrøm


 Stavanger Kunstmuseum.


 Etterpå måte vi ha kaffi og noko attåt for summere opp og diskutere ..... kjekt når ein kan dele slike gleder med dei håpefulle:) takk for godt lag.


Klem
Lilla dør

torsdag 9. juli 2015

Litt meir toalettvesker / mapper



 Eg fekk tre mapper av denne remsa på 40 cm med voksduk (mjuk kvalitet).



 Klare til bruk....til å ha ting og tang i :) 





Sjøgløtt heiter denne isblå fargen som eg brukte på desse krakkane. Har fått nokre spørsmål om det. Som sagt ein fantastisk fin farge.

Takk til deg som såg innom og takk for tilbakemeldinger. Det er alltid jillt.
Klem Lilla dør


onsdag 8. juli 2015

Ikea-krakkar


 Har malt to krakkar frå Ikea i fin isblå farge...... har bruk samme farge på eit skap tidlegare. Veldig fornøyd med fargen. Desse to krakkane skal eg ha med meg til hytta. 


 I grunnen eit greit "utearbeid" under halvtaket på terrassen :)




 Eg har og så vidt vore innom syrommet desse siste dagane ......det gir inspirasjon og ny energi :). Så med manko på sol og fin utetemperatur blir det syromtid:)
Har sydd denne toalettveska/mappa i mjuk voksduk som låg på lageret mitt:). Det minkar stadig litt.....
Flott farge og dekor, passar godt attåt dei nymåla krakkane mine,


 Denne flotte toalettveska var eg så heldig få av go´e venninne.  



Ha ei fin veke fortsatt.  I kveld er det meldt storm og utrygt for regn på Jæren....fantastisk fint sommarver.  Glad eg har syrommet i kveld og.

Klem
Lilla dør

tirsdag 7. juli 2015

Blomster på terrassen saman med ein ekstra sommerdag med sol sist helg = LIKER




 Blå nyanser på kjøkkenterrassen 


 Ostekake med fiolpynt


 Litt vimplar hjelper på sommarfølelsen. Nokre har eg sydd av stoff, andre i plast har eg arva av ei av døtrene mine :)













 Softis :) høyrer sommaren til!


 Sjokoladeblomst


Ulike hortensiablomster


Pilkjolen min



 Philhøne laga av Marit Byberg (Juletreegarden)



 Kaffi og strikk er viktig





 Pion er ein av mine favoriter



 Middag på kjøkkenterassen med utsikt utover Jæren



Grilling er heilt ålreit på ein søndag og:)
Gubben er kokken


Lammecarre, asparges, sopp og fløtegratinerte poteter 

 Ligge på ryggen å lese går an det og :)


 Litt maling inni mellom. Best å ha det under tak, plutselig kjem det ei regnbye. Sjølv om søndag vart ein fantastisk fin soldag og terrassedag.


Denne bia har eg malt og dekorert ut sjølv for ei tid tilbake:) Åra går fort :))))


Ha ei fin veke fortsatt
Bare 10 dager til ferie.......gleder meg.

Klem
Lilla dør