tirsdag 19. mai 2015

Hue i aquafargar


Bittensdesign hadde eit fint fiskeluemønster som inspirerte meg:) men eg strikka sjølv hua litt annleis med rund avfelling.


Garnet var frå garnlageret mitt (jillt med garnlager når ein plutselig får bruk for det;)
Det  blåe garnet er håndfarga merinoull frå Ullrommet.


 Har ennå ei fiskehue på pinnane men no har eg bytta ut den grå med lilla.
Det kjem bilde etterkvart.


Ellers har eg eit lite teppe på gang .... det ligge på hytta. Hyttestrikk eller kva eg no skal kalle det......
det og er inspirert av sjø og hav. Også frå garnlageret mitt.


Klem
Lilla dør

tirsdag 12. mai 2015

Eg har vist fått pute"feber"


Har sydd fleire puter... no i lin til å ha i den gamle sofaen på hytta. Så eg har sydde alle fem i lin og i linfarge, Men med ulik dekor.


 Måtte bare prøve den eine ute på terrassen....... kan brukast til det og:)


 Eg syr glidelås i putene slik at det blir lettare å skifte og /eller vaske putetrekka


 Den med korssting på er linhåndduk frå Ikea som eg sydde om til putetrekk.


Ha fortsatt ei fin og kreativ veke. Enten det er i hagen og eller i sofakroken. 

Eg sydde endå ei pute før eg fekk blogginnlegget ut :)


 Den puta er med lilla tekst også sydd i tett lin.
Hang den opp ute på terrassen til fotografering. Det vart i grunnen litt tøft, kunne nesten ha blitt eit lite ute teppe, men eg har planer for denne. Puta har fått ny "heim".


Det blir nok meir puter, har planer om nokre fiske puter. 

Klem
Lilla dør

søndag 10. mai 2015

Greit med helg og:)



 Pion er ein av mine favorittar ....eg var heldig å få meg ein bukett med pioner i helga frå gubben:). 



 Se den kule potteplanten eg kom over hjå Blomst på Sandnes. Begonia polka pot er det kule namnet.....
Den måtte eg bare ha...... kupp igjen spør du meg. Ellers må eg avsløre at eg har vore innom kafe denne helga og.


Rå kul



 Eg snopa eit fint blad i helga med mykje sommer inspirasjon....plante guide, matoppskrifter etc. Fint lesestoff i sofaen på terrassen under teppe der eg venter på meir sol og varme.


Litt av innhaldet



 Oppskrifter på sommarsyltetøy. Eg måtte sjekke min rabarbra. I år kjem den i allefall opp igjen. 
kanskje litt syltetøy eller ein pai.......kanskje blir avlinga litt større. 
Akkurat som at rabarbra ikkje trivst hjå meg.



 Godt med sønddag ettermiddag.


 Drømmer om drivhus eller /og oppussing av gamle skatter


 Eg kunne ha trivst her med utsikt over jærlandskapet og solnedganger uten at ein blåste av.
Det er lov å drømme...... har plassen men ikkje drivhuset.


 Nytt strikk på pinnen og impuls strikk:)


 Håndmalt dansk merino. 




Klem
Lilla dør

lørdag 9. mai 2015

Eg som ikkje skulle kjøpe meir garn


 Eg skulle bare innom Idestova på Bryne ein tur, men det enda med meir garn i lageret mitt. Ser ut til at eg kan motstå alt anna enn fristelser:). Dette fine Rowan baby Alpaca .
 Anny solgt det til halvpris pga flytting til ny butikklokaler seinere i månden. Det blir nok bra.


Se den fine fargen.....ho hadde ikkje meir av den må nok mikse det med noko anna garn.


Også den fine Turkise/blågrønne fargen ..........


Ha ei fin helg:)

Klem
Lilla dør

fredag 8. mai 2015

Mai = feiring


 Heimelaga kort og helsing er jillt. Litt tekstilmaling og frihåndsbrodering med maskina er spennande og kjekt. På dette kortet har eg brukt lin som bakgrunn. Det er også godt holdbart og kan brukast om igjen. :))))  Gjenbruk er så inn for tida :).  (Det var den samme som fekk det begge gongene her i heimen).
Kanskje det kan bli eit lite veggbilde no :) 





 Margerittar må ein ha i mai enten det no er inne på kjøkkenet eller i hagen / på terrasen.


 Stemorsblomst


 Pavalova er eit must på denne dagen!


 Karbonader med godt tilbehør er goe maifestmat og når ein fyller år!!!!


Gratulerer!


Klem
Lilla dør

onsdag 6. mai 2015

Litt maritim-inspirert søm


 Eg har sydd meg sitteunderlag til ha i båten og / eller på bryggekanten. Eg sydde det i lin mellom anna.


 Lunsjtid


 Poser til nista og til sjokoladen (pågangsmot) som den yngre generasjon seier hjå meg. (guttane)


 Pc veske? Strikkeveske? Til å ha ting og tang i ?


 Inspirasjon sjø og garn. Quilta med garnstruktur.


 Kaffipause her med sjokolade. 


Detalj frå matpakkeposen

Kanskje blir dette litt av eit kursoppsett eg skal ha.....følg med.
Kjem meir etter kvart.
Alle bildene på dette innlegg er ved sjøen på hytta/Skorane

Klem
Lilla dør