tirsdag 3. juni 2014

Nytt rosetre:) lilla til og med


Sjå kva som stod på terrassen her om dagen! Det likar eg. Som dokke har sett tidlegare i vår har eg vore  på jakt etter lilla rosetre. 


Fantastisk fine. Kjempefin farge.


Ca 100-120 cm høg rosebusk.


Romantiske roser.

"Rhapsody in blue" duftende purpurblå enkle blomster.


Vel på plass ihagen.

 Litt meir å vatne:)
Kunne nesten ha tenkt meg ei regnbyge. Hagen og blomstene treng vatn.


Velkommen til ny følger

Klem
Lilla dør

mandag 2. juni 2014

Flytta syrommet ut for ei stund igår



Ein fantastisk fin sommardag, så eg flytta like godt ut symaskina og strykejernet:). Det var kjempegreit. Fekk sydd ferdig toppen på teppet eg lenge har helde på med.


Eit resteprosjekt eg held på med. Gamle jordbærstoff som skal bli eit sommerteppe. Får aldri nok av teppe til terrasselivet.


Over hodet mitt hang jordbærplanten. Dei blir knapt røde før dei blir etne. Me (mange om beinet) har funne ut at dei er kjempe gode med mykje smak:). Fyrst til mølla prinsippet:)


Kan det bli bedre? Sitje ut og sy. Kaffikoppen like i nærleiken. Får vere sosial og.


Klar til quilting og litt brodering....... jillt terrassearbeid føre meg når eg skal lade batteria.


Ha ei fin og kreativ sommerveke. 
Ser ut til at me får mange gode ettermiddager på terrassen med eller utan malekost:)

Klem
Lilla dør

søndag 1. juni 2014

Sommerkjeks til is


 Tørre vafler

2egg
125 gr. smør
125 gr.sukker
250gr. potetmjøl
3ts. bakepulver
1ts. vaniljesukker

Smelt og avkjøl smøret.
Pisk eggeplommane og sukker til eggedosis.
Ha i smør, potetmjøl blanda med bakepulver.
Tilsett stivpiska eggekvite.

Varm og smør vaflejernet.
Legg i 1 - 2 ss røre.
Legg dei ferdige vaflane på rist til dei er kalde.



 Fekk slik lyst å lage tørre vaflar etter gamalt her om dagen. Eg er vant til ha dei til is. Og så synest eg dei er fine. Jillt å ha ståande framme i norgesglass. 


 Dekorativt.
Her har eg fylt eit 2 liters norgesglass
Velkommen innom på kaffi og kjeks...ta gjerne med strikketøy 

Klem 
Lilla dør

lørdag 31. mai 2014

Nye sommerhåndkle


 Var dei ikkje stilige :). Kjøpt på Ikea.


Litt usikker om eg skal lage noko av dei eller det bare skal være kjøkkenhåndkle:). Tida vil vise.  Har mange idear i hodet...... av og til roar dei seg.

Klem
Lilla dør

fredag 30. mai 2014

Lupiner


 Er dei ikkje fine..... dei kjem i ein fine fargemiks i korga 


Klar til kaffi og litt strikking i hagen.
I grunnen fantastisk.

Klem
Lilla dør

torsdag 29. mai 2014

Husets hjarte - iallefall i sommerhalvåret


Stadig litt meir ferdigmalt. I helga som var vart me ferdige med utestova/ den overbygde terrassen. Jillt å flytte inn igjen der. No i sommarhalvåret er det nesten husets hjarte:)


Terrassegulvet er beisa i askegrått 




Frå utestova mot hagen.....ganske frodig no.


Pilhøna mi, som Marit på Voll Juletregard har laga, har flytta inn igjen.


Den gamle brisken som har vore på eit av barneromma i si tid er forsatt like god å kvile middag på.



Gamal Ikea-trekasse gjer nytta som hylle 


Blomane og fargane kjem endå bedre fram no. Angrar ikkje på fargevalet på veggene:) lyst og lett men i og med vi tok litt mørkere grå inni utestova er det ikkje så "glimete" heller.


Jordbærampel frå Wiig, har allerede hatt min fyrste jordbærdessert derifrå....nam nam


Jordbærløper eg sydde for mange år sidan kom til heder og ære ute. Inspirasjon og delvis mønster: Annka. Gjenbruk kan vi vel kalle det.


 Lita tid til strikk, men det er iallefall ikkje langt vekke. Sommerens resteteppe, Arne & Carlos hageteppe


Vimplane eg sydde ifjor er på plass og. Like fargerike men det gav eit heilt anna inntrykk no når det var så lyst rundt dei.



Snart helg igjen:) Jillt når deler av utplassen no er ferdig mala og me kan rydde på plass det meste og ta ein pause før neste male-etappe:)
Ha goe fredag.
Me skal ha velkomstfest og grilling på terrassen i morgon, håper på godt ver!

Klem
Lilla dør

mandag 26. mai 2014

Slanking av stofflageret mitt og nye kjøkkengardiner



Eg hadde liggande nokre fine gamle stoff.
 Desse seks blå linhåndukane var ikkje klipt opp men hang ihop i ei lang remse, ubrukte men gamle:). Har gjort eit kupp ein gang. No har eg sydd kjøkkengardin av dei. Delt remsa i to:), tre "kjøkkenhåndduker" i kvar høyde. Passa heilt prefekt.



Med løytnantshjerter i ein gamal kaffikanne attåt desse gardina vart det sommarkjøkken med ein gong.


Og så hadde eg ei lang damaskremse som ser nesten brukt ut.....usikker kva den kan ha vore brukt til. Den er ca fire-fem meter lang. Hadde ein gamal søm i den eine sida . Men no har eg sydd den til ein lang løper på nesten 3 meter pluss tre kjøkken håndduker. Denne er i bomull med fin vevstruktur, damask.


Klar til sommar og mange sommargjester rundt kjøkkenbordet. Det likar me.



Tre damaskhåndduker vart det og nok stoff til av damaskremsa i bomull.





Ha ei god veke forsatt.... snart helg igjen.

Klem
Lilla dør