Vi er så heldige å ha eit vennepar som har leilighet i Stuttgart og vi har hatt mange fine turar dit. Men dette var fyrst jentetur. Kanskje bli det fyrste gang på rad:)
Mange kaffikopper høyrer med.
Ellers har strikking og ikkje minst hekling av luer blitt populært i Tyskland og!!!! Stadig fleire plasser var det garnutsalg og reklame for strikkebøker og garn.
Ellers må eg alltid innom "Idee der creativmarkt" som er ein kjempestor hobbybutikk.
Det var vår i gatene......me hadde nydelig sol og varmt ver. Lunsjen og kaffipausene tok me ute.
Markthalle heldt på å pakke ut vårens keramikkpotter. Fantastisk fine, men ikkje gode å få med seg.
Smak av vår/sommar. Mange gode kafebesøk. Eller som denne jordbærskåla i sola ute på ein fortaustrestaurant. Det liker eg.
Ut på tur var me og. Denne parken har ei rundløype på ca 8 km i fantastisk fine og naturskjønne omgivelser. Schlossgarten ligg midt i sentrum av byen.
Favorittgarnbutikken min i Stuttgart, Wolle Rödel. Der klarte eg å snope med meg 33 nøster:). 20 oransjerøde og 13 i blåtonar. Dei var på tilbud og eg måtte bare:)
Litt av fangsten
Eg er allerede kommen langt på det fyrste teppet.....
Håndarbeidposen hadde eg med meg i handtaska...... mange gode stunder det og:)
Tusen takk for kjempetur. Gler meg til neste. Fekk mykje inspirasjon og påfyll.
Det kjem nok litt meir etterkvart her og.
Ha goé søndagskveld og goé vekestart!
Tusen takk for alle kommentar på bloggen!
Klem
lilla dør