søndag 19. januar 2014

På ein blåsbortdag


 Er ferdig med årets fyrste syoppdrag:). Har vore jillt. Eg kjem nok til sy fleire slike teppe. Når eg jobbar med eit prosjekt kjem den eine idéen etter den andre. Det tyder vel på at eg blir inspirert.

Idag er eg glad eg er ferdig med prosjektet og har fotografert tinga eg skal sende frå meg. For idag har forkjølesen har tatt overhånd. 



Kaffi og mac er ikkje feil.
Å lage blogginnlegg er avslappane og jillt.




 Ellers er eg ikkje arbeidsledig på strikke- og heklefronten. Nesten som eg burde helde denne korga for meg sjølv. Mykje jillt eg kan gjere ferdig eller byrja på. Kjem vel fram etterkvart:).
Praktisk med ei slik korg når eg har lova å bare ha ei korg om gongen her i stova. Det hjelper når den er 60x60cm. Men som regel må eg ha eit lita attått.


Dette produkt kjøpte eg sist eg var innom ein strikkeforetning i Danmark. Kjempegoé fuktighetskrem. Kan anbefalast,  er det ikkje det det heiter? Har den liggande i strikkekorga.


Litt garn frå Tyskland, Danmark og London.........og mykje frå Bryne.
 Igrunn ikkje rart den er full når eg til og med samler på julepapir som gav ein del inspirsjon. Kan bli til noko det og:)


Julepapir


Denne boka er min fast følgesvein. Eg limer og skriver inn ting som gir inspirasjon og eg skisserer idear og tankar.  Mange prosjekt eg kan finne tilbake til her. Denne er no full slik at eg nok må skaffe meg ei ny.


Ha ein goe søndag vidare. 

Klem 
Lilla dør

torsdag 16. januar 2014

Gjort ferdig :)



I romjula hadde eg laga til ein pose med heklegarn til jentene i huset med utfordring til å lage seg eit pepperkakehus. Sjå her på starten
No er eg ferdig med mitt......truleg må eg vente til neste jul før eg ser resultat frå dei andre tre:) trur eg. No har eg gøymt mitt hus saman med resten av julepynten. Klar til bruk i adventstida. Eg kjem nok å bruke mitt som bordskåner.





Ellers har eg endelig kome igang med mitt nye bildevevprosjekt. Skal veve eit lite teppe av "ungane mine" og mimra ei tid tilbake. Sjølv om det er lite, blir det nok eit langtidsprosjekt:). Bare det å kome igang har tatt si tid. Det blir helst vevd på vevekveldane hjå Ingrid.  Se her, me har det jillt dei kveldane

Klem
lilla dør

tirsdag 14. januar 2014

Endelig litt vinter på Jæren :)


 Desse flotte hekla brikkene fekk eg til jul. Veldig glad for dei. Dama som har hekla dei  er nærmare 95 år gamal. Sprek sunnfjording:)

Eg måtte bare ta dei ut i snøen for å få fint ettermiddagslys på dei i puddersnøen på terrassen. Vart nokre fin snøkrystallar. Eller?


 Fantastisk fin hardangerbrikke


 Men dei passa godt på nattbord som er malt i lys grønnblå farge og.



 Som sagt ikkje mykje snø men flott dag med sol, kaldt og litt puddersnø. Det liker me.


 Tatt frå kjøkkenterrassen min kl fire i ettermiddag.......etter mykje surt ver med regn og vind set me pris på slike fine dagar. Skulle bare hatt fri og kunne ha vert meir ute slike dagar.


Snømannengel
Ellers har
nokre av snømennene min  fått lufta seg litt:)


 Renne på kjelke er alltid jillt


Ha goé veke med eller utan kjelke.
Idag  står biletvev på programet. Jillt å treffe damene igjen. Nytt prosjekt på gang der. 
Goé ettermiddag. 
klem
Lilla dør

mandag 13. januar 2014

Kursprosjekt:)


 Eg har hatt syhelg. Kjempe jillt og det beste av alt er at eg har sett av neste helg til deg og. Eg er beden om å halde kurs og må ha prosjekta klart til i slutten av månaden. Eg arbeider visst best under press........ikkje alltid men no kjenne eg meg veldig inspirert :).


Har leika meg med applikasjon og stoffmaling/trykk.






Ha ei goé veke!
Klem
Lilla dør

lørdag 11. januar 2014

Minkhals



 Ny varm og mjuke hals. Eg strikka den på strikkemaskina av minkgarn. Garnet har litt glitter som skin i det nesten som nysnø:)
Dette blir vel det næraste eg kjem minkpels:))) viss det hadde vore eit mål.


Strikka den slik at eg kan ta den to ganger rundt halsen:)


 Minkgarn med litt skin av glitter

Kjøpt hjå  Ullrommet







Eg kom i vintermodus.
 Her er halsen saman med snømannen min som eg har sydd av ullfilt og plassert i ei sinkbøtte saman med nokre snøballar av vatt:)))


Velkommen til nye følgarar. Alltid like jillt, og takk til dokke som legg igjen eit spor.

Goé helg.
Klem 
Lilla dør

tirsdag 7. januar 2014

Klubbkveld........goé start på nyåret!


 Me er ein gjeng damer som har sydd saman i over tjue år..... alltid like kjekt.  I det siste har den som har hatt klubben ansvar for aktivitet også. Denne gongen var det min tur. Dei fekk beskjed om ta med seg ein brødpose med stoffrester pluss symaskin.



Før vi startar på syprosjektet må vi ha litt mat. Uten mat og drikke duger helten ikkje.


 Her er eg igang.


Tømde krukka mi og la stoffbitane utover vlisofixen. På kryss og tvers, den eine biten opp på den andre. 
´

 Ide og inspirasjon Anne på Hundvåg Hobby og syvenninner i Florø som har gått på kurs hjå Anne.


Gerd sitt


Her held eg på å quilte mitt stykke. Lenger kom eg ikkje den kvelden. Har planar om å sy ein strikkepose eller liknande. Skal legge ut meir bilde når eg er ferdig:)

Ha ei kreativ og fine veke fortsatt.


Tusen takk for alle kommentar og tilbakemeldinger. 
Det varmar og gir inpirsjon.

Klem
Lilla dør

søndag 5. januar 2014

Restestrikk




 Nytt år og klar for å gjere ting ferdig. Eg har sikkert garn og arbeid for lang tid. Men ein ting har eg fått tømt denne nyttårshelga. Eg hadde ei korg med ein del små garnnøster i .... det er blitt til 5 luer. Det liker eg:) Ellers var det kjekt å strikke slike små prosjekt etter at eg vart ferdig med  mariusgenseren


Eg brukte same oppskrift som luene eg strikka i fjor:)  se her


 Restgarn på restegarn gir fine fargesjateringer


 Den femte blir nok ferdig iløpet av ettermiddagen. Den går i plommerødt og lilla.


Eit lite med godt tips;
 Eg har samla diverse strikkeutstyr i ein liten boks eg har i strikkekorga. Der eg har hjelpepinner, sikkerhetsnåler, pinnemåler, stoppenål etc etc. 

Ha ein kreativ og goé vekestart. 
Klem 
Lilla dør