mandag 17. september 2012

Meir haustblad og vimpel




 Ein annleis vimpel. Det har vore  populært med vimplar i det siste, tenkte eg ville ha min eigen vri. Til å pynte opp på terrassen eller til haustfest inne:))



Klem
Lilla dør

søndag 16. september 2012

Dama:)




 Haustdama mi er no på plass i gangen, men ho kjem truleg til å flytte ut på trappa. 



 Eg hekla ei korg/veske i hampetau til ha eplene i.





Ha ei goé veke.
Jillt når du ser innom bloggen.

klem
Lilla dør

fredag 14. september 2012

Haustblad


 Har sydd ei rekke med lønneblad som eg kan bruke til bordpynt, vimpel etc. Har sydd dei etter inspirasjon frå verkelege haustblad med deira fantastisk flotte fargeskala.


 Blada har eg sydd i lin







 Flotte og varme farger.


Ha ei goe helg !
Nyt hausten og fargane.

klem lilla dør

torsdag 13. september 2012

Det vart to strikka halser med fletter




 No er halsane mine ferdig. Eg strikka dei i Puno Melange på pinne nr 8. I fin oker gul farge. Etter å ha blitt inspirert av Kvardagsgleder som hadde strikka fleire halsar og tilbehør no i august/september.  Eg fann oppskrifta som eg brukte på flettene i denne boka sjå her.




 Merke må på:)


Ha goe kveld ! No blir det montering av Skappelsgenseren for min del. Eg har både den og ei jakke eg har strikka som ligg og ventar på siste finishen.

 Tusen takk fo alle kommentarer på sist innlegg. Det varmar.

Klem
Lilla dør

onsdag 12. september 2012

Haust mugrug


 Inspirert av haustblada og haustfargane sydde eg meg nokre mugrugar til å ha under kaffi- elller te koppen. Eller eg kan legger dei ihop til ei brikke:). Sydde dei så store at det god plass til knekkebrødet og.



Jillt å ta med ut i hagen på steinbordet og nyte dei siste ettermiddagssolstrålene. Idag måtte me springe mellom regnbygene.




Takk for at du såg innom bloggen i dag og:)
Jillt om du legg igjen ei lita helsing.

Klem 
Lilla dør

tirsdag 11. september 2012

Kjolen klar


Kjolen er ferdig. Eg byrjar no å bli klar med haustdama/ hageengelen min. Då den ikkje er heilt ferdig legg eg ut bilde av den litt seinare i veka, når den er heilt klar. Men her er nokre detaljbilde. Jillt arbeid men eg føle tida springe av stad....må ha tid til litt anna enn å sy og.




 Ha ein goé kveld vidare, her lokkar sy maskina forsatt. Har nett lagt nokre haustblad i press. Eg liker nemlig ikkje "plastblad"/ kunstige blader. Då vil eg heller sy nokre:)

Takk for koseleg kommentarar, allltid like jillt.
Klem 
Lilla dør

mandag 10. september 2012

Litt haust-tilbehør:))


 Då eg var i Bremen i helga kjøpte eg litt tilbehør/ haustinspirasjon til dame/engel/hageengel etc. Alt etter kvar det blir. Har tenkt å  sy ferdig ei " dame" idag:).  Eg tar med meg resten til kurset i Florø.


 Det var ikkje så mykje garn som frista, men eg klarte ikkje reise heilt tomhendt heim ...fekk med meg tre nøster av Regia ekstra twist merino. Var fint attåt lin fargen. Kanskje eg kan kombinere det med lin?  



 Falt for desse fine banda. Kjekke til å pynt opp både syarbeid og strikk:)
 Fann ei enkel sybok med enkel applikasjon med frihåndsquilting. Kjekk til inspirasjon. Falt for det enkle og samtidig det røffe.  I grunnen ein go´e kombinasjon.




 Har blitt mykje flytid på meg i det siste og då har eg fått strikka mykje. Skappelgenseren er ferdig men eg har ikkje fått montert den ennå. Snart ferdig med å strikke hals nummer to og. Pulsvarmer i oransje er og på gang. 


 No er eg klar for syrommet. Gler meg. Ha ein fin kveld.

Klem Lilla dør.