torsdag 12. april 2012

Jippi.....


Endelig temperatur til å drikke ettermiddagskaffien ute:)) Det liker eg. I fem seks tida i ettermiddag var det bare fantastisk ute i hagen.


Ellers har eg snopa meg nye krus idag. Eit til gubben og eit til meg.....Marius mønster på dei frå Menu (termokoppar). Me har nokre krus av samme type frå før dei matcha godt saman med dei nye. 


 Dei nye står det Norway by Vea og dei andre blir kalla Artwork by Vea. 





Desse måtte eg bare ha....så eg får seia som eg bruker seie: eit kupp.:))))) Sjå det flotte motivet på kruset.......passer perfekt inn i strikkemiljøet i heimen-


Anemoneblomster flott ved siden av steinbordet i hagen, der eg naut ettermiddagskaffien idag.  Eg kjøpte anemonene i fjor på Hedleshaug hjå Jofrid. Kjekt med staudene som kjem opp att. 


Ellers er jordbærplantene frå i fjor også byrja våkne til liv... det er juniorens sitt prosjekt.


Ha fin ettermiddag og nyt den flotte vår kvelden!

klem lilla dør

1 kommentar:

  1. Ja dette var litt av eit kupp må ein trygt kunne sei. Bare stilige dei nye koppane.
    Kjekt å sjå at du har fått finevær. Vi kulsar litt endå, men berre vent...kjem nok til oss også snart:)

    KariLklem:)

    SvarSlett