lørdag 19. september 2020

Sutteklut med bitering


Lett og ta av og vaske klutane ved behov.  Kjekt med slik prosjekt som er forbi nesten før du starta, bare du har det du treng. Eg sydde av rester og stofflageret :). Mønsteret er gratis på Stoff og sStil.


Eg sydde dei av musselin støvet karry og støvet blå. Vaska stoffa før eg sydde dei 



 Klem
Lilla dør

fredag 18. september 2020

Solsikker


EG sådde solsikker, liten type, her i vår i ei stor urne på terrassen...... vart veldig fine og har gitt masse fine blomster. Solsikke er jammen knallfint ..........høyre liksom hausten til.




fantastisk fine blomster spør du meg, kunstverk





 Fine til å klippe av og ha liggande i keramikkfat på kjøkkenbordet og. Det er noko med at alle årstider har sin sjarm og sine gleder. Ha ei fin helg!


Klem
Lilla dør

onsdag 16. september 2020

Bladtepper / babytepper


Hadde felles sydag her i sommar dei to vordende mødrene og eg. Var veldig kjekt med felles sy prosjekt. Me var inspirert av tepper på sosiale medier (Instagram;Facebook). Var til og med heldige å fann egna linstoff i stofflageret mitt ( seier vel litt om lageret:) ). Til og med i ønska farge. Trur eg kjøpte stoffet på Toten ein gong på eit stort stoffutsalg der.


Me tegna mønsteret sjølv....blir heilt unikt :). Ingen blader er like.



Klipte ut to tepper samtidig og fekk utnytta stoffet perfekt. Vi hadde minst tredobbelt med vatt inni teppene. Brukte lin på begge sidene, kan brukast på begge sider.


Så i løpet av sylørdagen i vår/sommer vart begge teppene ferdige. 




Teppe er ca 100 x 70 cm . Quilta med symaskin. 


Eg måtte bare ha på bestemormerke.....




 Klem
Bestemor/lilla dør

mandag 14. september 2020

Lintepper X 2



Har sydd to tepper i lin.  Eg er så heldig og skal bli bestemor x 2 no i haust......



Sydd på ei hempe slik at ein kan henge teppet opp viss ein ynskjer det når det ikke er i bruk.  Teppet er sydd i dobbel lin med vatt i mellom i fin og dempa olivenfarge. Var heldig og fann stoffet i stofflageret mitt. Det er sydd med overlock rundt kanten.



Måtte jo ha med litt tekst til dei nye verdensborgarane.....




 Klem
bestemor/lilla dør



søndag 13. september 2020

Haustfargar


Eg kjøpte desse stoffa sist eg var i New York for ca 7 år sidan ...... endelig tatt dei fram og byrja å leike meg med dei.... handfarga nydelig haustfargar i fin bomullskvalitet.  Gleder meg



 

Denne Caladium står på bordet mitt her med macen... måtte bare ha den med, sjå dei fargane.... hausten er i grunnen veldig fin den og... Eg fann ut at denne planten treng vist mykje omsorg, må ha spesial pleie om vinteren....dvale :)

God søndagskveld.

Klem Lilla dør