lørdag 28. januar 2023

Eit snev av vår


Klosterklokkene og snøklokkene kjem for fullt no.....håper det ikke blir for kaldt for dei. Når ein ser på værmeldinga er det liten fare kanskje:) Ser ut som dei kanskje heller druknar i regn. 
)


Var innom ein lokal blomsterhandler idag snopa litt og henta mykje inspirasjon...... desse perleblomstrane vart med heim mellom anna.


Fekk rydda opp på trappa . Fekk min fyrste kaffi kopp ute saman med gubben på trappa i sola idag. 



Henta og inn nokre store greiner med bjørk. Den Lilla fuglefamilen flytta inn. Godt med stor og vill tomt. Me kan gå på skogstur i eigen hage.







Terrassen i dag...ikkje mykje blomster der, litt restar ifrå i haust


 Her planta eg ei potteplante saman med perleblomster. Helgas kjøkken pynt.



Klem
Lilla dør

lørdag 21. januar 2023

Marimekkobrikker


Endelig fått sydd på lukkekanten på alle brikkene. Klar til bruk til no. Blir fin enten det er vintervær eller sommar





Då er alle brikkene klar til bruk. Tok sin tid.....

.starta og sydd to av  brikkene



 Klem
Lilla dør

onsdag 18. januar 2023

selma sovedrakt x2


Strikka dei i Snefug CaMaRose. Beige farge brukte, ca 280 gr pr dress. Mønster og design Petitknit. Strikka dei i den minste størrelsen til tvillingjentene. Eg var så heldig få endå to bestemorgull!!!


Gode og varme lukkeb/rettkant på beina og armane








 Klar til levering

Klem
bestemor

mandag 16. januar 2023

Gjestesoverommet


Eg er veldig fornøyd med dette sengeteppet i lin fra Marimekko. Tok utgangspunkt i brunfargen i teppet og malte veggen bak senga. Det luna rommet og fornya gjesterommet. Ikke alltid det skal så mykje til..... fornøyd i allefall.




farge S4020-Y30R



Ein gamal engel eg laga for nokre år sidan....fekk plass på veggen,


 Klem
Lilla dør

mandag 9. januar 2023

Dynetrekk og ministelleveske


Dette stoffet fra Stoff og Stil sydde eg dynetrekk av  til to av barnebarngulla mine...... Veldig mjuk og fin bomullskvalitet





Fann dette stoffet. Det ble også dynetrekk og to stellemapper. 


Ministelleveske/bleiemappe. Kjært barn har mange namn.....



Klem
Bestemor

 

mandag 2. januar 2023

Vinterstrikk i vinterlandskap


GODT NYTT ÅR

1. nyttårsdag reiste me heim fra hytta i vinterstemning og snø. Her fra Romarheimsdalen.
.

Årets fyrste strikk. Selmas sovdrakt nummer to. Snart bestemor til to til.....
strikka dei i Snefnug frå camarose

 
Perfekt bilstrikk



 Klem

Lilla dør