mandag 18. juli 2022

Isbar


Gubben har laga isbar til barnebarna og meg. Har lenge stått på ønskelista mi. Så her ein dag hadde han både snekra det saman og beisa den. Handy mann!!!!  Den vart godt mottatt av både meg og barnebarna. Barnebarna har selt masse is enten det er leikeis eller Diplomis sin.
.

Laga ein vimpelmekke med is og tekst. Eget design....frihåndstegning kaller ein vel det :))



Her er det dei to 1 åringene som er i full gang.....




Kassaapparat fann eg på Clas Ohlson. Perfekt, er laga av tre og ein farge som glei rett inn :) 








Treispinnane er fra sprell. solide og gode tåler det meste trur eg......



Klem
Lilladør

 



torsdag 14. juli 2022

luer i jersey


Stoffet har lenge vorte liggande på sybordet .....venta på "gidda" og inspirasjon. Midt på sommaren og mykje som skjer........blir det lett nedpriotert. Kjempejillt og avkoblande for meg å sy men men.



Det vart tre rosa luer av den stoff biten eg hadde liggande.



3 rosa og 4 blå  :)))


Eg trur desse med traktor blir populære hos gutta boys på 1,5 år. Traktor er populært.


Klem
Bestemor og lilla dør

 

onsdag 13. juli 2022

Picnikteppe planer


Som sagt i innlegg fra då eg vara i Oslo i mai, var eg innom Kathrines Quiltestue sin butikk. Der eg snopa med meg desse stoffa til picnik teppe. Veldig inspirert av dei retro boksane som var motiv på det eine stoffet.




No er eg spent kva eg får til...blir nok ikke ferdig til sommerferien 2022 men men .....


Flotte matbokser :)!!!


Usikker korleis eg skal sy det. Er det nokon som har ein ide? Tas i mot med takk.


 Klem
Lilla dør

fredag 8. juli 2022

Oransje genser på gang


Strikka til og med prøvelapp:) før eg starta på nye genser
Endå meir ego strikk. Ein oransje sweater no14.no. Var veldig fornøyd med den grønne eg strikka....... som nok blir sommerens hit. Kanskje den oransje blir klar til høsten



Strikkar den i dobbel tynn silk mohair fra Sandnedsgarn (kjøpt på fabrikkutsalget) 30% den dagen. Det liker me. I tillegg til tynn silk mohair ein tråd Arwetta/Filcolana.


Gler  meg. Kjekk å strikke.

Klem
Lilla dør

 

mandag 4. juli 2022

Strikka bukse til eit bestemor gull




Å bruke restgarn er ikkje alt like lett :) eg hadde planar om å strikke teddy pants til Petiteknit. Hadde 100 gr tynn merinoull. Men eg såg på slutten at det ikke gjekk, fekk ikke fatt i meir i den fargekoden. Så då avslutta eg det prosjektet. Rekte opp litt og stikka eit langt brot på bukse. Heilt ok det og.


Strikka i tynn merinoull. Brukte dei 100 gramma eg hadde.  Farge 5830 lys blå.


Som sagt ingen petiteknit teddy pants, men god ullbukse med eit halvlangt brot som avslutting, blir nok heilt ok til vinteren den og. 


 Ligge på vent .... godt med litt lager når eg ventar fleire barnebarn . Eg er bare fantastisk heldig.....


Klem
Lilla dør

søndag 3. juli 2022

Mini augustins no 1

Strikka eit babyteppe til mitt neste barnbarn. Rundtteppe, minner om dei gamle strikka dukane. Dette teppet er designa av Augustin ved Anne-Sofie Velling.dk. Strikka i Doble sunday Sandnesgarn/Petiteknit. Brukte nesten 6 nøster. Strikka på pinner nummer 4.


starta i midten


Kjempekjekt og spennande å strikk. Klarte nesten ikke legge det fra meg . Ein runde til ....... det tregaste var tungekanten på slutten.



Terassestikk 


Blokka det. 


Klart.
Gler meg til å sjå det i bruk.



Klem

Bestemor