søndag 17. januar 2021

Krabbeteppe pluss pluss:)


Sydd eit krabbeteppe til  dei nye guttebarnebarna... starta på det i haust før dei var kommet til verden. Så kom jula og plutselig var det på høg tid gjere dei ferdige. Vart ferdig med det eine no i helga. Det andre er like om hjørnet. Sydd dei fra stofflageret. I dette teppe er det lin, libertystoff og det gode gamle bamsestoffet som eg sydd av når mine barn var små......
.

Kvadrata er skorne i 4 x 4 inch.
Lukkekanten sydde eg av linstoffrestane. Klarte akkurat å nå rundt....


Litt pynt og informasjon er viktig



Eg vatterte det med ullvatt, brukt dobbelt vatt slik det vart mjukt og varmt......kan være inspirert av kulden vi har no:)). Til bakstykke brukte eg Debbi MummS stoff Noas Ark i fin himmelblå farge. Eg var stor fan av Mums the word. Dette stoffet er virkelig fra stofflageret med lang modningstid. 


Bakstykkestoffet



Av resten av libertystoffet med små bilar laga eg to mapper/poser med glidelås til å ha ting og tang i. Eller/og leiker etterkvart.





Eit dagens tips.; 
Eg rulla krabbeteppe saman og putta det inn i tricotpose( slik som er rundt strekklakenen når ein kjøpe dei). praktisk og godt når ein tar med seg teppet når ein er ute eller/og på besøk,



 Tatt i bruk med ein gong......



Klem bestemor


søndag 10. januar 2021

Brodert dynetrekk


Eg starta på dette broderiet for mange år sidan...... endelig fått det ferdig. Eg fann ut det passa godt på eit barnedynetrekk. som tenkt så gjort :)))


Broderimønsteret er Rabbitshaven sitt med tittelen Families are forever.
Eg tegna mønsteret over på eit bomullsstoff og har brodert.



Slik ser sjølve broderiet ut. Eg monterte det på eit fanellstoff  til Moda fabrics.  Det blir eit mjuk og varmt dynetrekk til ein av mine nye prinser. 





Klem
Lilla dør

fredag 1. januar 2021

Godt nyttår


Godt nyttår og takk for det gamle.
Tusen takk for kommentarer, det varmar. Kjekt at dokke legge igjen eit livstegn når dokke er innom bloggen...... det gir inspirasjon. sjølv om det viktigaste for meg er å dokumentere det eg gjere i  min lille kreative verden og på håndarbeidsfronten :)). I tillegg gjere det det lett for meg å dele det med mamma som bur eit stykke unna meg, men er god på iPaden og fangar fort opp nye blogg- og instragraminnlegg  (#karialise). Det er bra!!!

Totalt har det vore innom 598 590 på bloggen på desse 10 åra eg har blogga! Eg er imponert og takksam.


Deler nokre romjulsbilder fra
 #verdasjillastehytte






1. nyttårsdag,  minus 1 grad og tynt slør med is på sjøen og nydelig blåtone på sjø og fjell.

GODT NYTTÅR!

Gler meg....

Klem
Lilla dør