Viser innlegg med etiketten Strikkemaskin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkemaskin. Vis alle innlegg

torsdag 17. februar 2022

Osakasjal


Se dette fantastisk fine sjalet som eg no har fått ferdig. Takka dere ei god venninne som tilbaud seg å strikke det på maskin for meg......eller var det eg som spurte?:)))


Ito silkegarn. Fekk denne strikke-kiten som gåve for ei tid tilbake.






Her starta eg med håndstrikk for ca to år siden vart liggande i ufo korga men er no ferdig. Som sagt strikka på strikkemaskin. Denne spede start klarte eg å rekke opp igjen.



Nydelig fargar



Klar til bruk......gler meg. Blir nok ein favorit




 Tusen takk for garn og strikkehjelp!!!!

Klem
Lilla dør

onsdag 27. desember 2017

Krabbeteppe til bestemorgullet :)


Eg har hatt liggande tre pakkar med ferdig oppskore stoff i 5 inch. 18 biter i kvar pakke. 
Riley Blake design,  stoff Giraffe Crossing. Etter nokre år med "modning" vart det ein gyllen anledning til å sy av det no når eg vart bestemor.


Quilta med symaskin 


Vattert med ullvatt



Klem Lilla dør

onsdag 2. mars 2016

Gult er kult også i strikk


 Eg har strikka denne håndduken på pinnar nr 4,5 og i dobbelt bomullsgarn. Tenkte å bruke det som gjestehåndduk på toalettet.... til påske. Så det blir vel eit hytte produkt dette og.
Eg likar godt å sy hemper på dei, denne fekk ei marimekkostripe på seg.




 Desse har eg strikka på strikkemasskinen der eg strikka opp alt bomullsgarn i gult, grønt og oransje. Gjekk å bruke frå garnlaget. Ekstra kjekt vist eg klarer minske det. Prøver helst å bruke det eg har for tida.....
Men av og til finn eg noko garn eg bare må ha og så mangla eg av og til rette fargen. Her i veka måtte eg kjøpe meir gult fritidsgarn.....må bare ha. Skal få sjå kva eg bruker det på bloggen om litt.


 Detalj bilde der ein ser den blå effekt kanten på den eine sida ( for moro skuld) 


Eg likar som sagt godt stoff hemper...som desse småblomstrete skråbånda.


 Dei som eg har strikka på maskin vart litt tynnar og eg har tenkt å bruke dei som kjøkkenhånddukar. La opp 100 masker på strikkemaskina og strikka med strøste maskestrørrelse på mi maskin - 10.




Ha ei fin veke fortsatt!

Klem
Lilla dør

onsdag 29. oktober 2014

Har rydda i ei av strikkekorgene


Desse vottane og lubbane er klare til bruk etter lang modningstid i strikkekorga:)
Fin farge..... eg gleder meg ta det i bruk og er veldig fornøgd med resultatet.


 For fleire år sidan gjekk eg på maskinstrikkekurs. Der strikka vi vottar, lubbar og luer.
 Kurset var på Raulandakademiet med Marit Buset som lærer. Kjempejillt kurs. Når ikkje alle prosjekt vart gjordt ferdig med ein gong vart dei liggane i ei av mange korge. Denne veka har eg montert noko av det eg laga ....har ennå litt igjen.


 Når det er strikka på maskin krev det litt meir montering av og til:)


Ganske store før eg putta dei i vaskemaskina og tova dei.



Minka godt...... nesten10 cm.. Passa heilt perfekt. 
Fint tova, blir nok vinterens favoritt lubbar/tøflar for meg.



 Det samme med vottane.




 Eg fann og ei alpelue som måtte maskast saman





 Klar til bruk den og. 


Ha ei fin haustveke fortsatt.

Klem
Lilla dør


mandag 14. april 2014

Gule kjøkkenklutar til påske


Eg har strikka meg tre nye kjøkkenklutar i bomullsgarn. Kanta/felte av med ein kontrastfarge.


Strikka dei på strikkemaskina


 Gult er kult
gult høyrer påska og våren til


 Grytekluten i rillestrikk er håndstrikka med dobbelt garn. Også sydd hempe på.


 Ton i ton i gulfargar. 


 Klar til bruk:) fyrst kan dei være litt bordpynt.




Takk for du såg innom bloggen . Ha gode og kreative dagar.
Med eller utan strikkepinnar. Her går det i fanakofte og litt småstrikk utanom.

Klem
Lilla dør

lørdag 11. januar 2014

Minkhals



 Ny varm og mjuke hals. Eg strikka den på strikkemaskina av minkgarn. Garnet har litt glitter som skin i det nesten som nysnø:)
Dette blir vel det næraste eg kjem minkpels:))) viss det hadde vore eit mål.


Strikka den slik at eg kan ta den to ganger rundt halsen:)


 Minkgarn med litt skin av glitter

Kjøpt hjå  Ullrommet







Eg kom i vintermodus.
 Her er halsen saman med snømannen min som eg har sydd av ullfilt og plassert i ei sinkbøtte saman med nokre snøballar av vatt:)))


Velkommen til nye følgarar. Alltid like jillt, og takk til dokke som legg igjen eit spor.

Goé helg.
Klem 
Lilla dør