Viser innlegg med etiketten Matoppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Matoppskrifter. Vis alle innlegg

fredag 14. oktober 2022

Høstkjeks


Høst kjeks. Brukte oppskrift på vaniljekjeks som eg fann på nettet. Kjevla dei ut og stakk ut bladformer. Før eg steikte dei pensla eg kjeksa med egg og dryssa på med kanel.
 


Dei smaker godt til kaffien.....falt i smak av både hos små og store i familien.    Det blir nok fleire av desse kjeksa.


 Klem
Lilla dør

mandag 20. april 2020

Surdeig


Har lenge tenkt å læra meg å bake med surdeig.... har prøvd litt før. No i påska med heimepåske og koronatider passa det godt med litt djupdykking i surdeigsbaking. 


 Sette startar frå bunnen av og eg fekk ein ferdig i tillegg, så det mangla ikkje på det..... :)


 Snart klar til steiking, brukt ei slik hevekorg til å heve brødet i. 


 Smaka veldig godt. Me bakte mange brød løpet av påska. Det eine vart meir vellykka enn det andre.



 Men merka at når kvardagen kom tilbake var det ikke så lett. Ikke pga av arbeidet men det tar langtid med mange små operasjoner.




Hadde god hjelp av denne boka, kan anbefalast....

Klem
Lilla dør

fredag 21. november 2014

Eplesyltetøy


Eg var så heldig å få nokre eple.......
Og kva er bedre enn eplemos:)


 Eg skreller og deler eplene opp før eg puttar dei i ei gryte på svak varme og lar dei stå til dei er møyre og så har eg litt sukker i. Rører det til det er godt oppløyst.



 Klar til ha på glass deretter i frysen.


Ha goé helg. Her blir det smaksprøve på verdens beste syltetøy.

Klem
Lilla dør

mandag 6. oktober 2014

Hausttur til norges festligaste og vestligaste by


 Her passerer vi Bergen på vei nordaover sist onsdag. Det var det regnet vi fekk på turen.
Neste dag skein sola igjen.


 Godt med bilstrikk når ein må sitje 8 timar i bil og i tillegg har goé sjåfør.


 Mange gode måltid med goé drøs. 


 Fin plass



 ikkje feil å ha lunsj her:)






 Eikefjorden i halvskumringa 



 Gubben fekk seg eit etterlengta krabbemåltid. 


 Til helga skal det være Vestlandstreff i Florø. Quiltarane var byrja å setje sitt preg på nokre butikkvindauge


 Jillt  å sjå åt her er utstilt noko som nokon har sydd som har gått på kurs hjå meg for nokre år sidan. Fiskar og maritim løpar.


 Sydde og quilta vesker også frå eit butikkvindauge.


 På bytur er kaffipauser viktig. Her frå Lille Marked

Nytt bilstrikk på returen:) vart ikkje heilt ferdig så eg må nok ut på fleire bilturar..... 

Klem 
Lilla dør

søndag 27. juli 2014

Hagebær



 Denne veka har det vore safting og sylting dei fleste kveldane:). Fyrst var me så heldige og fekk eit brett med ferdig plukka og rensa bringebær.  


 Junioren har plukka fleire bøtter med rips til meg. Tusen takk, det har gitt mykje goé saft. Det meste har eg laga råsaft av og lagt i frysen.


 Eg laga ei koke med saft og.



Råsaft i flaske  med sugerør smakar godt i varmen 



Nytt av året er at eg rørt litt ripsbær til syltetøy. Knallgodt og verkelig smak av sommar.

1 kg rips og ca 400 gram sukker pluss evnt litt Jam frysepulver.
 Gav fyldig og goe sylte. Fraus det i passe beger til å ta opp til frokost eller til nylaga vaflar. 

Klem
lilla dør

søndag 1. juni 2014

Sommerkjeks til is


 Tørre vafler

2egg
125 gr. smør
125 gr.sukker
250gr. potetmjøl
3ts. bakepulver
1ts. vaniljesukker

Smelt og avkjøl smøret.
Pisk eggeplommane og sukker til eggedosis.
Ha i smør, potetmjøl blanda med bakepulver.
Tilsett stivpiska eggekvite.

Varm og smør vaflejernet.
Legg i 1 - 2 ss røre.
Legg dei ferdige vaflane på rist til dei er kalde.



 Fekk slik lyst å lage tørre vaflar etter gamalt her om dagen. Eg er vant til ha dei til is. Og så synest eg dei er fine. Jillt å ha ståande framme i norgesglass. 


 Dekorativt.
Her har eg fylt eit 2 liters norgesglass
Velkommen innom på kaffi og kjeks...ta gjerne med strikketøy 

Klem 
Lilla dør

tirsdag 25. mars 2014

Vår og vaffeldag.........nesten sommarstemning



 Tenk å kome heim frå jobb og kunne tenne opp i bålpanna. Grille pølser og kjenne sola varme.......kan det bli bedre. Kaffi i koppen. Vindstille på terrassen.........



Weber bålpanne


Vaffeljernet klar til å steike vafler på bålpanna. Dei smakar ekstra godt saman med bållukta:)


 Vaffel oppskrift:
3 egg piskes saman med litt sukker. 
5 dl surmelk ( evnt litt rømme)
1/4 ts natron ( ha opp i surmelka)
1/4 ts hjortesalt løysast opp i litt vann
mjøl til passe tjukk røre.

Bruk meierismør til steiking. Spesielt viktig når du steiker på bål.


 Håper på mange slik fine ettermiddager på terrassen


Ha ein goé kveld. Nytt kvelden. 
Klem
Lilla dør