onsdag 26. januar 2022

Sy stue i nissehuset


Fann denne symaskin i helga...eg hadde litt rydding og  leiting på syrommet. Eg trudde eg skulle ha ei symaskin og det stemte, kanskje litt mindre enn eg hadde trudd. Planen er å lage systove i nissehuset... .
Aller helst burde eg ha pakka vekk heile huset og tatt det fram igjen seinhaustes..... litt usikker på kor eg skal gjere av det.  Ennå står det i stova og der kan det ikke stå:)))
.

Eit godt utgangspunkt. Planen er å  få opp hyller og litt miljø med klær og diverse sy utstyr etc. På plass i god tid til "neste sesong".


 

Klem
Lilla dør

tirsdag 25. januar 2022

Ekstra prosjektmapper


Eg sydde fire ekstra prosjektmapper i vinylplast med glidelås til å ha ulike broderi etc i. Har planer om å oppbevare dei i syveska. Enkelt og ryddig å ta med. Slik blir det med mange lyster og prosjekter. Men eg har god plass i veska ennå......trur eg. Starta faktisk med nytt stichery/appliksjon i dokkeklubben no rundt juletider . Skandinavian Christmas av Lynette Anderson.
 

Plass til mønster, tråd og stoffet ein broderer på. 












Eg blir iallfall ikkje arbeidsledig....mykje jillt å halda på med. Tillegg alt strikket mitt.  Det er så mykje eg har lyst til..... eg kjeder meg iallfall ikke.  Eg er i grunnen heldig. .... 


Klem

Lilla dør


 

mandag 24. januar 2022

A place for everything 2.0 By Annie.com


Me sydd oss syveske med mange rom til ting og tang . Me starta på dette prosjekt på ein hyttetur i haust. 


I grunnen eit stort prosjekt og til tider "tungt" å sy. Men no er den ferdig og eg er kjempefornøyd med den. Sydd den i litt fargerike stoffer, ein del Kaffe Fasset stoff mellom anna. Brukte vinyl eller mesh fabric til lommene, kombinert med glidelås og gummistrikk. ( se bilder)




8 sider med lommer i veska som kan takast ut, dei er er festa i botnen med stropper. I tillegg er det lommer i sidene i veska så den rommer mykje. Eg skal bruke den til ha syutstyr for håndsøm,  stichery og broderi. Greit ta med på klubb, hytter etc. Alt på ein plass.....kanskje. Nett no har eg fylt den opp med utstyr og påbegynte arbeid. Måtte sy nokre ekstra prosjektposar ( se eget innlegg her på Bloggen om nokre dager)






Vinyllommer med glidelås


 Klem
Lilla dør

fredag 21. januar 2022

Nissehus del 3


Fekk god hjelp til trearbeider. Tusen takk !!! 


Panelt/lagt tak. Litt usikker på kva farge eg skal ha på det...kjem vel etter kvart. Kanskje ein grålig farge.



Har panelt ytterveggene på den øvre delen for å få eit meir heilhet av huset. Trur det fungerte godt.








Litt musikk er alltid jillt ....


Byrja ta form no. Har vor eit kjekt prosjekt i haust og no i januar. Vi i dokkeklubben har vel laga/innreda kvart vårt hus.  Det eg har igjen no er litt beis og lage ferdig dei nissane eg starta på ein halv mannsalder sidan. Aldri vert så nære som no. Har samla ting og tang sidan då. Har vel alltid vert huga på dokker og dokke hus. No får eg god hjelp av mine barnebarn, dei kosar seg når dei får leike der. Det gleder eit bestemor hjerte.


Doen har fått en grå beis








Frå terrassen


Tar snarveien opp på terrassen.
 

Klem
Lilla dør



mandag 17. januar 2022

Haraldstrøya





I romjula la eg opp denne genseren til det minste barnbarn mitt. Planen var strikk den i 1 til 2 år men det vart vist ein størrelse større og godt er det tenke eg, han vekst fort i det.
.

Strikka ovenfra og ned.


Strikka på pinner nr. 3, brukte totalt 120 gr. Garnet er type merinoull. Nytt garn for meg, håper det holder i bruk. Mønster og design er Petitknit sitt.


Ferdig og klar til bruk, måtte ha eit merke på den.



 


Klem
Bestemor 

søndag 16. januar 2022

Marimekko brikker


Eg quilta dei med striper, ca 1,5 mellom kvar stripe. Brukte sømrom og symaskinfoten som merke. Liker godt å quilte kuvertbrikkene slik. Blir stødige treng i grunnen ikkje stryke dei etter vask. Vasker dei på 60 grader. Dei eg har har holdt seg veldig godt.
 

Eg hadde litt rester av desse to marimekko stoffa etter eg for nokre år sidan sydde puter og duk av dei.



Passa perfekt attåt dei røde Ittala-krusa,
Brikkene passar vel best til hausten og i jula. Eg starta på desse før jul, men vart ikkje ferdig før no i veka. Hadde håndsømmen igjen.



Tenke dei kan brukast om ein annan. Har to av dei blomstrete og tre med hus på.






Ligge klar til bruk.... 


 Klem
Lilla dør