Viser innlegg med etiketten ufo ferdig 2021. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ufo ferdig 2021. Vis alle innlegg

torsdag 18. november 2021

Endå ein ufo ferdig


Denne gåveposen har blitt liggande igjen siden eg laga modeller til kurs for ca 8 - 10 år sidan kanskje.... men no er det ferdig. Her var applikasjonen strøken på stoffet. Sydde det på med frihåndsquliting. Kjempe kjekt arbeid ...
.

Eget design, var ein del av eit kursopplegg ei tid tilbake......


Klar til bruk etter å ha sydd saman sidenesømmen og bretta ned kanten oppe. Sydde tilslutt på bånd til å knytta den igjen 






Får nok ny eiger til jul.... truleg reiser den på juletur heilt til Toten.....
 

KLem
Lilla dør

søndag 24. oktober 2021

Kjekt å pynte litt ute og




Hadde liggande nokre hekla gresskar klar til montering.....sikkert lagt nokre år :)...... alle dei "ufoane "eg har. Godt noen blir ferdige. I grunnen ein god følelse kvar ting som blir ferdig......skulle bare ikke byrja på  så masse men det er lett å seie........



Her på hagebordet... me tek ennå ut kaffikoppen og nyte haustlufta. Iår har me jammen hatt ein fin og solfylt haust.


Her saman med kjøpt gresskar. Håper det ikke rotnar med det fyrste...... fint er det iallfall.


 Ha ei fin haustveke.

Klem
Lilla dør

søndag 10. januar 2021

Brodert dynetrekk


Eg starta på dette broderiet for mange år sidan...... endelig fått det ferdig. Eg fann ut det passa godt på eit barnedynetrekk. som tenkt så gjort :)))


Broderimønsteret er Rabbitshaven sitt med tittelen Families are forever.
Eg tegna mønsteret over på eit bomullsstoff og har brodert.



Slik ser sjølve broderiet ut. Eg monterte det på eit fanellstoff  til Moda fabrics.  Det blir eit mjuk og varmt dynetrekk til ein av mine nye prinser. 





Klem
Lilla dør