søndag 29. mai 2022

Traktorlue og -pannebånd


 Når du har to ett åringer som digger traktor, gravemakin og dumper må det bli lue og pannebånd. Fann dette stoffet på stoff og stil. Kjøpte ein meter så det kan bli mange luer. Men fyrst må eg finne ut om dei passar..... før eg startar med produksjon :))


Enkelt heimelaga mønster, hadde ein gong eit mønster..... dei eg sydde i fjor er for små


Likte i grunnen godt stoffet. Fin farge kombi.



Måtte prøve meg på pannebånd og....kan fort bli ein favoritt. No når det går mot sommar


Klem
Bestemor / Lilla dør

onsdag 25. mai 2022

Kathrines Quiltestue



Kathrine hadde fått ny butikk og eg måtte bare innom..... klarte til og med ikke kjøpe så mykje. Eit eller to prosjekt.  Skal få sjå etter kvart.
t

Liberty stoff......



Eg har mønster på dette. Var veldig kjekt å sjå det sydd.... håper eg får tid til det ein gong.

Klem
Lilla dør

 

tirsdag 24. mai 2022

Var innom Munch-museet



Var ein tur til Oslo sist helg...fyrste tur sidan covdien.
Måtte jo innom Munch museet



Kjempefint bygg.... og mykje fint å sjå



Me fekk se to av desse variantane. Kun framme ein time så rullerte det til neste bilde.



 Klem
Lilla dør

torsdag 19. mai 2022

Mai syslene mine ....


Mine døtre fekk kvar sin bunad når dei var 2 og 4 år gamle, som dei har brukt opp igjennom åra.  No måtte eg forminske dei igjen. Eg har to jente-barnebarn på 2 og 4 år , Mykje arbeid........ mykje håndsaum. Kjekt når eg hadde gjort det. Kjekt å sjå i barnebarn i bunaden 17. mai, det varmar eit bestemorhjarte. Men Eg sa mange gonger underveis i prosessen at dei om ikke har holdt på å justere /sy bunad ikkje aner kor mykje arbeid som ligger bak...... 
 


Sunnfjord bunad


Her er det forkle som skal leggast opp


Sydde og om ei bunadsbukse fra Voss til eit av barnbarna. Kjekt når slike klær går i arv mellom generasjonar. 






 Bestemor klem

onsdag 18. mai 2022

familie frokost 17. mai.....eit lite glimt av det pynta bordet.


Var heldig å ha heile gjengen min til frokost 17 mai med unntak av studenten. Butikkane hadde salg på 17 mai produkter til barna . Vart inspirert til å kjøpe ein del og bruke til bordpynt fyrst også kunne barnbarna forsyne seg det ville etterpå. Då me hadde koldtbord trong eg ikkje plass til maten på bordet :)
 


8 voksne og 4 barnbarn ...heldige meg




Frokost dessert i rødt, kvitt og blått. Jordbær, bringebær, vaniljeyoughurt og blåbær.


 Klem
Lilla dør