Viser innlegg med etiketten stichery/broderi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stichery/broderi. Vis alle innlegg

tirsdag 25. januar 2022

Ekstra prosjektmapper


Eg sydde fire ekstra prosjektmapper i vinylplast med glidelås til å ha ulike broderi etc i. Har planer om å oppbevare dei i syveska. Enkelt og ryddig å ta med. Slik blir det med mange lyster og prosjekter. Men eg har god plass i veska ennå......trur eg. Starta faktisk med nytt stichery/appliksjon i dokkeklubben no rundt juletider . Skandinavian Christmas av Lynette Anderson.
 

Plass til mønster, tråd og stoffet ein broderer på. 












Eg blir iallfall ikkje arbeidsledig....mykje jillt å halda på med. Tillegg alt strikket mitt.  Det er så mykje eg har lyst til..... eg kjeder meg iallfall ikke.  Eg er i grunnen heldig. .... 


Klem

Lilla dør


 

onsdag 8. desember 2021

Engleduk ....


Denne lille runde søte engleduken er jille å ta fram no i desse adventstider. Sjølv om det er ein duk eg kan bruke heile året. Dette var eit klubb prosjekt for nokre år sida som eg aldri fekk ferdig. Eg fekk hjelp av mamma til å sy den ferdig.


 Klem
Lilladør

tirsdag 18. september 2018

Måtte innom Kathrines Quiltbutikk


etter min meining norges beste quiltebutikk...så er eg i hovedstaden må eg innom.


Mykje inspirasjon å hente.


Littv art med heim og... litt juleinspirasjon...littt usikker ennå kva det skal bli


Blir nok "strikkeprosjektposer" når ein har mykje strikk på gang er det viktig med mange prosjektposer og:))).  Har delt dette stoffet med Gjertud.  Ho ville også sy seg strikkeposer. Ved å gå inn på Instragram og søke på "avgjertud" kan du sjå litt av det ho lager. Dagens reklame!

Klem
Lilla dør 

fredag 18. mai 2018

#verdasjillastehytta


 Sist helg då den yngste dattera mi var heime, spurde eg om ho kunne brodera #verdasjillastehytta . Emneknaggen som me har på Instragram med bilete frå hytta vår.  Har hatt planer om det lenge.  Det var ikkje lenge før det var klart. Tusen takk Gjertrud!!! No er bildet på plass på stoveveggen i hytta. 


 Broderet i korsting. Ho laga mønster ved å tegne bokstavane på rutepapir. Ramma hadde me, og fekk broderiet til passe i den :))


 Passa perfekt over døråpningen mellom kjøkken /stove


 Så ved gå inn på emneknaggen på Instragram ser du bildene frå hytta


Klem
Lilladør

onsdag 25. april 2018

Ut på tur mappe......


Eg var med i ein stichery klubb for mange år sidan. Dette broderiet hadde blitt liggande. No har eg endelig fått sydd det ferdig. Tenkte på kva eg skulle bruke det til..... enda opp som symappe med plastfolie.


Lang og god glidelås ,lett å få fatt i ting og tang. Samtidig oversktlig pga plasten. plasten er frå kappet til pappa som sydde båtkalesjer



Eg held på med eit papirsøm quilt.... spent kor tid eg blir ferdig med det:)


Fyrste tur med posen var til Hønefoss og Klekken og "Sy med Kathrines Quiltestue" i helga

Klem
Lilla dør

lørdag 10. februar 2018

Kupp på gjenbruksbutikken igjen:)


 Kjøpte denne pyntehåndduken som er håndbrodert på gjennbruksbutikk til den nette sum kr 50.-. Saman med dei nye marimekkostoffa kan dette kanskje bli ein fin kombi på kjøkkenet no til våren, Ser for meg puter pluss pluss :)))


 fint brodert . ser nesten ubrukt ut.


 Fem nye nuperelle servietter. Eg klarer ikkje gå forbi desse......har mange. Tenk håndarbeidet som ligg bak desse.


 Brodert løper med rosemotiv.....blir nok omsaum. Kanskje nye grytekluter til sommaren.  Eg trur den er i grovlin. Motivet er i korsstring, fint handverk det og. 



Klem
Lilla dør

lørdag 2. desember 2017

Vinterlandteppe



 Mamma har sydd dette flotte vinterlandteppet.... 
Eg ynskje meg eit slikt......kanskje ein dag kan eg få hjelp til å sy det eller sy det sjølv. Så er det denne tida då. Teppet henge så fint i leiligheten til mamma og gir go´e førjulstemning. 


Flott arbeid



 Klem
Lilla dør


mandag 9. januar 2017

Brodert putetrekk


 Julemusa og bamsen


 Nytt sticheri... usikker på designeren men eg tegna av min eigen variant. Synest motivet passa til julesengeteppe.


Har brodert motivet på eit kvit putever :) passa til 50 x 70 cm pute.



Maileg nissar


Nyttårsklem
Lilla dør

torsdag 9. juni 2016

I slutten av mai fekk me ein klubbutfordring....


 Etter ein god start den kvelden var det ikkje lenge før min vart ferdig.....koselig og "frekt" broderi.


 Mønsteret me brukte 



 Like med samtidig ulike.....lurer på om dei andre tre er ferdig......
me kunne lage det kva vi ville mitt vart ei lita mappe /veske


 Sjølvsagt med lilla briller då




 Måtte bare vise dette fine kunstverket:) sjå dei fargane 


står i full blomst i hagen for tida.


blomsterklem
lilla dør

fredag 29. april 2016

Blåveis frå hagen til mamma :)



Var innom mamma på mandag det er alltid like kjekt...... Dumt at me bur så langt frå kvarandre. Vart veldig inspiret av den fine bordpynten ho hadde med blåveis i frå hagen. Nydelig blomst...... vårblomst.


 Sjå dettte fine broderiet ho held på med å brodere.....har ønska meg det. Fantastisk fint, skal bli ei pute. Fine fargar og nydelig arbeid. 





 Måtte ut i hagen å zoome inn ein blomst....


Takk for inspirasjon
Kanskje andre kunne bli inspirert av det, difor deler eg det på bloggen......

Klem
Lilla dør