mandag 26. juli 2021

Svaneungen x 4


 Eg falt slik for desse fine svaneungane til Aftenstrikk/Rauma garn.  Strikka  den fyrste  i børsta alpakka og pt2.  Den vart veldig populær hjå barnebarna mine. Så no har eg strikka ein til kvar. Jentene i litt mjukt og litt loddent garn medan til dei små guttene i meir barnevennleg garn sidan alt skal inn i munnen ennå. Så dei vart strikka i baby merino.




Jentene sine....strikka i "luddengarn ". 















Hadde strikka svanungane før eg kom opp på hytta men eg monterte dei her. <strikka alle føttene etc..... vart nesten samlebånd arbeid.


Klem
Bestemor/lilla dør


søndag 25. juli 2021

Sommarhatt :)


Etter kjole prosjektet stod sommerhatt på programet her på #verdasjillastehytta.  Eg holder på med ein hatt og. Me får sjå om den blir ferdig i løpet av sommeren :) den er klipt. Gjertrud vart ferdig med sin. Den vart knallfin. Eg skal love å legge ut bilde viss den blir klar :)))))


Mønster kjøpte me på nettet av Fabrik Pætti. Det var ein del av sommerpakken. Sommerpakken bestod av strandbag, solhatt, bøttehatt og solbrilleetui. Dei har ulike mønster med og uten nettkurs. Mange kjente som er med på dette syprosjektet :) @jennyskavlan, @ingridbergtunsyr @marinordenforever @ingridviklysne



Nesten ferdig




 

Kjekt med felles syprosjekt.

Klem
Lilla dør

onsdag 21. juli 2021

Felles syprosjekt på hytta


Begge jentene mine var på hytta saman ei tid i sommar.  Dei sydde seg kvar sin flotte kjole.  Dei sydde etter inspirasjon og mønster fra minmote.no







Vaffelsøm med gummistrikk


Kjempefin. Den eine sydde gul, den andre i linfarge








Klem
Stolt mamma/
Lilla dør
 

tirsdag 20. juli 2021

Sommerbakst på hytta


Inspirert av sommer, masse urter i blomsterkassen på hytteterassen og bilder på nettet. God hjelp av Gjertrud til å pynte foccatiabrødet. Det smakte kjempe godt. 



Saman med pasta carbonara vart dette eit flott og godt måltid på terrassen.
 

Blomsterbad frå Roser og Interiør. Heldige meg (oss).


Klem

Lilla dør

onsdag 7. juli 2021

Liten tur innom syrommet


Sydde slike luer til to av barnebarna i vår..... den eine av guttane har allerede vokse ut av si lue. Har sydd to nye no i ettermiddag. Håper dei passer, sydde dei i ulike størrelser og reknar med den eine er til litt stor ennå.
 Stoffet er fra stoff og stil. 


 Klar for sjølivet .......enten i fjæra, i båten og ikke minst late gode sommerdager. Er klar for hytteferie saman med barn og barnebarn.


Klem
Lilla dør

tirsdag 29. juni 2021

Bikube i hampetau fra Biltema:)


Endelig fekk eg ferdig dette rolseprosjektet.... laga ei bikube til pynt av tjukt hampetau. Inspirasjon og ide er fra Printerest


hampetau kveilen er kjøpt på Biltema


Brukte limpistol. Limte ringane på frihånd uten form, difor litt ujamne men det tenke eg bare har sin sjarm :) :)


På plass på terrassen .... den blir vel flytta litt rundt alt etter som. Nett no havna den opppå tomatplante- stativet.






Denne bikuba fekk eg av ein nabo for minst tjue år sidan.... Hatt masse glede av den. 
 

Fortsatt god sommar.... 

Klem
Lilla dør

mandag 28. juni 2021

La humla suse i tomatplantene



 

Hekla meg ei humle/bie. Ide og inspirasjon kjem fra Pinterest.  Eg hekla etter innfallsmetoden etter har set bilde av ei slik bie på Pinterest og så har me hekla dei på jobb :)



Det vart kveldens prosjekt på terrassen.... Hekla det i bomullstråd





Augene er halve treperler som eg malte svarte.



Den er kommet på plass på terrassen inn i mellom tomatplantene mine. Håper den vil trivast der



Dei var både enkle og kjappe og hekle.
 


Har planer om å få til eit bikube av hampetau..... kanskje plutselig blir det og ferdig ein kveld........




Klem
Lilla dør