søndag 2. april 2017

Litt "påskestrikk" denne veka


 Strikka to luer på pinnar nr. 9 sist veke. Brukte rein merinoull Ragazza frå Italia kjøpt hjå Wolle Rödel i Tyskland :).  Fekk akkurat nok garn til to luer, brukte totalt 150 gr, ( 68 gr. og 78 gr).


 Ei herre- og ei damelue vart det. Damelua la eg opp med 40 masker og herrelua med 44 masker.  Eg strikka kun rettmasker utan brot :))) Så i grunnen vart ein ferdig nesten før ein starta. Mjuke og lette vart dei .... håper dei varmar mottakarane på høgfjellet i påska!


 I tillegg hadde eg eit blandingsgarn, Polar Duo frå Wolle Rödel, tre nøster av det og. La opp 62 masker og strikka ein rett og ein vrang.  Brukte alle nøstene. Lett og varm hals/lue.


 Sist veke var det nokre fine ettermiddagstimer der ein kunne sitje ute og strikke og drikke kaffi. Det likar eg...... då er det vår på Jæren igjen.






 Den eldste av gutane mine og svigerdottera mi er no på veg frå Finse til Sirdalen på ski.... med kvar si pulk på slep. Håper dokke får ein fin tur.... ser at lua er på. Glede.

God tur!!!
Lilla dør.

2 kommentarer:

  1. Håper jammen de har vinden i ryggen! God lue er et must når det uler rundt ørene. Veldig fin på den lua, og veldig kjekt å se strikk i bruk!

    Riktig god påske fra Ingunn

    SvarSlett