søndag 30. april 2017

Hagesokkar /vårsokken

Har endelig fått festa trådane på vårsokkane eg strikka no i vår. Mønster og garn er frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, design Berit Løkken. Strikka i Fjell sokkegarn  på pinna nr 4. Sokkane vart ganske tjukke .......nesten litt for tjukke, men heilt ok til mitt bruk. Goé å ha når ein sit ute på terrassen om kveldane.... er nett byrja på årets sesong for det. Har nett fått flytta inn på terrassen no når våren endeleg er komen til Jæren. 



 Klare til bruk


Eg sydde meg nye puter på terrassen i helga


 Kjekt når det varmast og ein kan flytte "ut "


 Har snopa to nye hagebøker denne våren. Det er fantastisk bare å sitte og drøyme seg vekk. Faren er vel at ein kan få for mykje fristelser.... Men denne boka, Barbeinthage, er ganske så jordnær bare ein ser mulighetene.


Las i ettermiddag om afrikansk lilje.  Eg har faktisk ei som eg har hatt i mange år men i fjor blomstra den ikkje. Håper den kjem med blomar i år. Grønn og fin var den då eg tok ho fram idag. 


 Har vore innom Wiig Gartneri i helga, måtte bare:) 


Forsatt goé helg.... 1. mai i morgon og me har endå ein fridag i sikte..... ikkje feil med langhelg.

Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar