tirsdag 9. oktober 2012

Vevekveld


 I kveld starta vi opp igjen med bildevevgruppa eg er med  i. Det blir ikkje så mykje veving utanom,  men knallkjekt når me samlast. Det blir meir som ein klubb eg går i med ein knallflink lærer i tilllegg då. Bildevev er igrunnen veldig seint arbeid ...treng go´e tid då. Eg har så mange ynskjer og lyster. Men eg får iallefall gjort litt. Det har no blitt nokre bilde totalt sjølv om det går 
seint.


 Kjekt å mixe og setje saman ulike fargar og garnkvalitetar.




Kaffipausane er og viktige.  I dag fekk me servert kaffimaten med desse fine serviettane. Eg såg bruk i dei :). Kanskje blir dei brukt til inspirasjon til noko symaskinarbeid.

klem 
Lilla dør

1 kommentar: