mandag 30. januar 2012

Vinterfargar


Dette bilde vart tatt søndag føremiddag frå stovevinduet vårt....flotte vinterfarger. Det einaste er snøen som manglar. Det innspirete eg til å plukke fram litt vinterfarga garn eg hadde kjøpt sist eg var i byen. 



 Det enda opp med at eg starta på endå eit votte-prosjekt.


Så søndag kveld vart det strikking etter at me hadde rydda opp etter selskap for ei av døttrene. Kunne nyte strikketøyet og dei flotte iris blomane mine.


Eg kom over desse knappane på Bånsull. Terningkast seks. Dei kan nok kome til heider og ære ein gong. 
Tøffe var dei alle fall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar