torsdag 12. januar 2012

Sofakroken


Jamen er det godt å ha eit strikketøy. For tida er det vottar eg mellom annna strikkar på. Desse lilla vottane strikkar eg av garn eg kjøpte på Island.  Bella`s votter heiter dei og er designa av Marielle Henault. Dei blir strikka med hestesko flettemønster.  Strikkast på pinner nr 5.  Når ein har godt strikk gjere det igrunn ingen ting at det regnar og bless ute.  Eller kva seier du?



Roleg ettermiddag / kveld til å lade batteria med. Sjølvsagt med kaffikoppen ikkje langt unna:)

Kjekt du var innom bloggen. Ha ein god kreativ kveld!

2 kommentarer:

  1. Eit kjekt handarbeid gjer at vi kan tole det meste!

    Nydeleg farge både på strikket, løparen og koppemattene;o)

    God fredag til deg!

    Solklem

    SvarSlett