fredag 20. april 2012

Fredagsstemning


Klar for helg og fredagskveld.  Har funne fram strikketøyet og venter på middag....kan det bli bedre:))))


Held forsatt på med å dukka ned i strikkekorga mi ...har ei ri no med å gjere ferdig ting. Dette skal bli ei  jakke, byrja med halsen og strikker ned over.....sjå den fine fargen:)


Denne brikka har mamma sydd for lenge sidan. Eg har hatt den i tølene mine så lenge eg kan huske, men gildt å ta fram igjen......typisk vår/sommerbrikke.


God fredagsklem!

Takk for du tok turen innom lilla dør.

Stoff til nye kjøkkengardiner trur eg....


På laurdag var eg liten tur til byen.  I Marimekkobutikken på Magasin Blå fann eg stoff som skal bli sommargardiner. Gler meg til å sy dei. Men dei må ligge litt i kø først.


Fekk og med meg heim både kvite og rosa margaritter. Måtte bare ha dei. Dei ropa på meg. Helgablomsten til meg sjølv:) Vår og sommerfølelse......kjende eg på. Ikkje løye at eg vart inspirerte til sommergardiner. Men eg hadde igrunn bestemt meg for dei før eg såg blomane.


 Er dei ikkje fine?


klem lilla dør

onsdag 18. april 2012

Eggerestar etter påske


Eg har helde på å strikke og hekle meg litt ned i korga mi http://lillador.bl ;ogspot.com/2011/07/korga-mi.html  Mellom anna har eg no hekla ferdig den påbygynte eggproduksjonen, montert egga og lagt dei til salg....så treng nokon uspiselege egg har eg:)))) Ellers reknar eg med at det kjem fleire påsker.


 Herr og fru egg på tur på steinbordet mitt. Stiller gjerne opp for fotografen.  Panduro sine høneføtter er    go´e og gjer at egga står stødig slik at ein får laga personlighet på egga:)))


Desse lilla eggeskene passa utmerka til å oppbevare nokre av egga. Eg brukte stempel til å pynte på toppen av eskene.




Nokre høner er meir prate sjuke enn andre.  Dette stempelet med desse høne likar eg godt. Er ofte i bruk enten det er til kort, merkelappar ellere som stitchery. Her held eg på med å sy stitchery til ein strikkepose:


 Klem Lilla dør



Hekla brikke på trappa


Sist eg var på Living kom eg over denne hekla brikka. Tråden var litt polyesterpreg (plast). Egnar seg derfor godt til utebruk! Gildt med hekla løper på steinbordet mitt på trappa når eg skal ut og ta morgonkaffien min når det vårast endå meir og eg har fri.

Ha ein goe dag.

mandag 16. april 2012

Fleire "truser"


I helga sydde eg fleire truseposer. Igrunnen artige å sy. Eg hadde fått bestilling på nokre. Så no håper eg dei fell i smak og kan gjere nytten for dei når dei skal på tur....ha orden i trusene:)))). 


Held meg til dei sarte og sommarlige fargane. Eg er veldig fornøgd med blondestrikken eg har fått. Ved å sy dei i trusekanten får eg den rett fasongen på trusa ( truseposen).  Eg fekk fleire brett både kvite og i lyseblått av den gilde dama her i Klepp. Takk igjen.


Stabelen veks! Klar for bruk til reisande........


Ha go´e mandagskveld.

I kveld skal eg skal montere trekket eg har strikka til krakken min.

Klem

lørdag 14. april 2012

To sokkar samtidig




Sist eg var på den kreative strikkeklubben starta eg på dette prosjektet. Strikke to sokkar samtidig. Har som mål å koma opp til helen til neste gang. Oppskrifta og fremgangsmåten finn du godt beskrive i boka; To på en pind av Lene Randorff . Bok får du kjøpt på Kreaktiv på kvadrat.


 Eg strikka sokkkane mine i flott garn frå http://ullrommet-ingeborg.blogspot.com/ . I ein nydelig lilla farge.


 i oppskriftsboka finst oppskrifter på ulike sokka. Eg tenker og det må være ypperlig å stikke to armer til ein genser samtidig. 


Ferdig med tåpartiet :))


 Dette er blitt det nye kjøkkenstrikket....korga er iallefalll plassert der. Slik at strikket er lett tilgjengelig.



Julerose og perleblomst. Kjekt når eg kan gå ut i hagen og hente inn blomar til bordet. Ha fin laurdag.

Klem lilla dør!

fredag 13. april 2012

Space invader genseren er tatt i bruk



No er genseren tatt i bruk og den falt i smak både hos den som fekk han og andre i familien som har kome med ynskje om  lik genser men kanskje i ein annan farge. Har ikkje lova noko ennå:))) Men allltid gildt når dei liker det du strikkar og ynskjer meir strikk. 


Viktig med merking av genseren. Laget av mamma og gjordt med kjærlighet.



Space invader genser er strikka etter mønster for Dale garn. Arne og Carlos design. Eg har strikka genseren i PT5.


Klar til bruk ...... og eg er klar for nye prosjekt.

Eg har mange og velge mellom, Kanskje eg skal starte med å strikke meg litt ned i strikkekorga mi:)))) Der er mange prosjekt som er igang. Alt etter humør og anledning eg skal strikke. TV strikk? Sosial strikka? Konsentrasjonsstrikk? Bilstrikk? Ventestrikk? Klubbstrikk? etc.....

klem
 lilladør