fredag 9. mars 2012

Mars og gult på kjøkkenet


Har snopa meg eit flott fulgebrett hjå Lissi design på Jærhagen. Det var nok berekna ute, men mitt kom ikkje lengre enn til kjøkkenvindauget ennå. Har sett oppi ein grønn plante.



 Var den ikkje flott? Se dei flote detaljane med fugelen på kanten.....


Her henta inn gul pil ifrå hagen ( har ei busk). Den passa godt oppi høne vasen min i kjøkkenvindauget.




 Denne gule servietten har eg hekla for 35 år siden. Byrjar å bli gammal når ting kjem på moten igjen. Passa godt på serveringsbrettet mitt som eg fekk av ei god venninne for nokre år siden. Det har sin faste plass på kjøkkenet.



Skal det være ein kopp te.....frå posetekannene mine? Forlife er merke på tekannene. I vasen bak den orange tekanna har eg rulla opp dei gule kurvebrikkene mine som ein fargerik blomst på kjøkkenet. det  gule serveringsbrettet var noko eg kjøpte sist eg var i Stockholm. Av merke Petronellla av designer Barbro Tryberg Boberg. 


Velkommen innom!

klem 
Lilladør

torsdag 8. mars 2012

Vårkorg


 Har sydd ei rund korg med hank inspirert av to servietter . Motivet har eg applikert på og frihåndsquilta med maskin. Har ikkkje sydd den nå, men det er ei korg eg stadig tar fram når våren er her.... kjekt med litt sesongprodukter og. 



Klem Lilladør

onsdag 7. mars 2012

Grønne "egg" som bordskånarar


Har sydd nokre bordskånarar til å ha under kaffikoppen elller tekoppen. Forma som egg der kyllingen er på veg ut av egget. Enten det er beina som kjem fyrst eller nebbet)))))).
Dei grønne har eg sydd i lin og det lyse i bomullsstoff. Frihåndsquilta med maskin.


 Gildt å ha no i mars og i påska......... som pynt og til nytte!




Det var gildt å ha ein kveld på syrommet...... kjem meir egg og høner etterkvart.
Ha fin kveld videre..... 

klem 
Lilladør

Takk for at du såg innom bloggen. Legg  gjerne igjen ein kommentar.

mandag 5. mars 2012

Mandagsettermiddag i sofaen



Kvelden er redda med påfyll av inspirasjon. Idag kom det nye bladet M by M.  Gler meg til setje meg ned å nyte det. Eg fekk kjøpt mitt blad på Handelslaget, så det blir nok selt rundt omkring.


Mykje spennande stoff å lese og bli inspirert av.... her er ein liten smakebit.



Mine Lysegule ranunkler pynter fint opp....nydeleg blomster. Våren er her.


Litt for auge og litt for munn:)))


Ha ein flott og kreativ mandagskveld.
Klar for ettermiddagskaffien og bladet mitt.

Klem

søndag 4. mars 2012

Vårdag


Har fått vore ut nytt den flotte vårdagen ( litt kaldt). Eg har mellom anna dekorert "bjørketreet" mitt på trappa. Bjørketreet laga eg for nokre år sidan ved å surra store greiner av bjørk til eit søyletrefasong. Har brukte det på trappa med julelys i desember og pynta det med gåsungar no mars /april. 


Treet før eg fekk pynta det. Med putta greine med gåsunger under strengane eg hadde surra treet med.




 Tid til kaffipausa er viktig. Kjekt no når eg kan nyte det ute....det liker eg.




 Det vårast i hagen og. Her er det påskeliljer.


 I grunnen flott med slike fridager der ein kan gjere det ein har lyst til og fylle batteria. Eg fått gått ein flott tur og  i dag. Bare velstand.  Motivet her er frå ein kjøkken håndduk eg broderte etter eit amerikansk mønster med fritt oversett tekst. Ikkje mange amerikanske høner som leser Jærbladet.


Glimt frå hønene mine i hagen som titta fram frå busken etter ein vinterdvale der:)))
God søndag.

Klem Lilladør

lørdag 3. mars 2012

På jakt etter lampeskjerm


 Idag var Lilladør på jakt etter lampeskjerm. På Gjenbruken og Fretex på Bryne. Men det var ingen lampeskjermer eg falt for der. Men eg kom heim med desse fantastiske nuperelle smådukane. Dei er ca 10 cm store iulike mønster. Og så denne vasen. Alt til gi bort pris:) Sjølv om det går til gode saker/formål. Så no skal eg bare legge brikkene mine i godt såpevatn så eg får dei kvite og fine. Klar til bruk.





 Fekk lampeskjerm(ER).....etterkvart. Og er veldig fornøyd med dagens fangst. Etter ha vore på Gjenbrukane og Fretex var eg via Ikea før eg enda opp på Living på salg. Fann to lamper. Etter valgets kvaler enda det med begge lampene. Heldigvis var dei på salg. Og ideane og tankane om korleis eg skulle strikke trekk kom med ein gong. Så då rekna eg med att det var eit kupp. Eg er veldig glad i kupp:))))  Har tenkt å fjerne stoffa som er på dei, slik at dei er klar for nye trekk i form av strikk. Eg er nemlig invitert av MR Design til to kveldar der me skal stikke og trekke lampeskjermar. Temaet er natur.  Farge, mønster og design er vårt valg. Kjempespennande......slikt liker Lilladør. Det einaste er at eg skulle hatt fleire timar i døgnet.  Men eg reknar med at den eine skjermen iallfall er klar til påske. Så skal legge det ut slik dokke skal få se resultatet.


Var dei ikkje flotte?

Ha ein fin kveld. 

Takk for mange gode kommentarer, er kjempe glad for dei.

Klem Lilladør


torsdag 1. mars 2012

Sitteunderlag


 Strikkeforeningen møttest igår. Då var vi hjå Ullrommet.....tenk alt det flotte garnet med då me kunne sjå, ta og føle på. Tradisjonen tru måtte eg bare ha litt garn:))).  Mellom anna kjøpte eg ryegarn av mohair.  To nøster som eg hekla til to sitteunderlag i løpet av kvelden.  Brukte hendene som heklekrok. Kjempe artig og enkelt å få til. Og i tlllegg var det mjukt og godt å arbeide med.  Sjå her ; Ullrommet.


Her  held eg på med andre omgangen:)


Idag måtte eg bare prøve dei på benken på trappa.


Og i korgstolen.


Kaffien smaka som vanleg.




Sitteunderlaga heng no klar til bruk i gangen. Dei passa godt atått den lilla arbeidsdøra mi.
Igrunnen veldig gildt å lage slike ting ein blir ferdig med før ein nesten har byrja av og til. Eg fekk lært endå ein teknikk til denne kvelden men det kjem eg tilbake til ....


Klem Lilladør

Med bilde av hortensiaen min i stova......eg trur nesten hortensia er faborittblomen min.