søndag 20. november 2011

Strandliv


 Sjå innlegg 16. november om strandliv tidlegare denne veka. Eg var på stranda igjen i dag. Då var det 20 grader kaldere. Men ein fin tur det og på Borestranda. Det var eit yrande liv her og. Masse surfarar of folk i  havkajakkar. 



Flott solskinn var det og:)

Blomster i sanden


Strikka nokre blomster eg har tenkt å ha på ein hals eg har strikka i alpakka.Halsen kjem etterkvart på bloggen. Men eg synest det var kjempe flott kombi dette å legge strikka blomane i sanden. Eit artig uttrykk. Eg kjem nok til å bruke dette motivet etterkvart. Både til inspirasjon og få det over på stoff.



Spennande strikk på gang. Denne gongen ei barnejakke. Har 100gr. Håper det er nok. 


Jakka er i vendestrikk - Det vil seia at eg strikkar alt i eit stykke. Byrja med framstykket så armane deretter ryggen, neste arm og tilslutt siste framstykke.

fredag 18. november 2011

Strikk .




Dei gule og orange fargane gjorde seg godt her i sanden med sola på seg....Skjere sol terrapien bare å sjå på det.


Skulle verta ein gryteklut i sirkel form men eg fann fort ut at den vart stor.  Eg la opp 30 masker bomullsgarn. Strikka rett fram og tilbake (1rille). Strikka så 25 masker snudde og rett tilbake. Så 20 masker snudde, og rett tilbake. Så 15 masker, snudde og rett tilbake. 10 masker snudde, og rett tilbake. 5 masker og snudde, rett tilbake. Denne rapporten strikka eg 36 ganger. Sydd saman langs kanten og rynka saman i midten. formen vart perfekt, men neste gong vil eg ikkje legge opp meir enn 20 masker og snu tettare slik at ein ikkje treng fleire enn ca 20 rapporter.

Det blir nok strikka fleire grytekluter men i mindre. Held på med gryteunderlag i kraftig bomullsgarn/hyssing i størrelse som eg ville hatt på grytekluten, så eg trur eg har klekt størrelsen no. men det prosjektet ligg heime. Har bare med meg litt små prosjekt.  Godt med litt små strikk på flyet og litt innimellom. Tok det fram på stranda her om dagen i ettermiddagssbrisen.....og fekk mange kommentarar frå andre strikkedamer.  Bedre med eit blad meir seift det:)))


Fann igrunn ut den gjorde seg best på bilde.  Sjå den fine fargane i dette bildet. Som ein musling i sanden. Om ikkje anna blir det eit flott bilde til å sy toalettveske etc av. Må nok trykke det ut på pcen når eg kjem heim.

torsdag 17. november 2011

ting og tang...



Gubben var litt bekymra fyrste dagen om eg tenkt gå på stranda med plast pose. Eg som hadde så mange flott strandbager som eg hadde laga etc....... Men det gjekk ikkje lenge før eg gjekk på denne korga. Var oppe i strandbutikken og skulle ha ein kald pepsi max. Då stod denne og ropa på meg. Eit kupp igjen!!!!!!!!! Eg er av og til heldig med desse kuppa spør du meg.:). Fyrste kommentaren eg fekk var sjølvsagt ei korg ....ventar på den. Lilla/rosa korg kva er bedre til lilladør? Klart den var tilegna meg.



Sjå det flotte mønsteret og fargen då. Blitt fast følgesvenn på stranda denne veka. Strandliv er bare heilt topp. Eg nyte det og lader batteria. Nye idear er byrja boble opp. Livet er herleg. 



Eg sydde meg ein liten pose til ha ting og tang i . Har med litt små stikk og då er det godt med ein liten pose med glidelås, så den blitt fast inventar på stranda.:)))). Har frihåndsquilta den med blomster. Nett no er det ei lita babyjakke eg held på med..
Sjå eige innlegg om den etterkvart.....

onsdag 16. november 2011

Strandliv






Strandliv på Gran Canaria!



  Tyskarane som låg ved sida av oss på stranda hadde denne kosten for å koste av beina etter at dei hadde bada. Alle som har vore på ei sandstrand veit kor irriterande det er med sand i solsenga. Eit must i strandbagen:-)))).




Gresk salat er standard når me kjem frå stranda om ettermiddagen....heimelaga er best. Gubben er goe på det og!


Litt små strikk inni mellom er gildt her er det dominostrikk.




lørdag 12. november 2011

Trilll rund!


 Sist helg flytta det inn ein nye nisse hjå Lilladør. Rund og go`e.!! Det var artig og sy og ikkje minst stappe og forme den. 


 Som dokke ser er den solid og stødig. Ikkje lett å vippa den av pinnen. Trill rund i fasongen.


Ha ei god helg.....veke  Lilladør tar litt ferie no. 

fredag 11. november 2011

Gode venner


 Dompappen!!! Laga av ull i grått, rødt og svart. Eg synest det passer godt saman med snømennene mine. Gildt å lage snømenn.  Då kan ein lage personlighet på dei.  Kvar blir ein orginal, ingen kopier:)


Venter på snø og kulde.


Med strikka ulljakke. Har sikkert fått med seg at det er mote med heimespøta klær i år.


Sammen er me goè......sjølv om nokon er i ferd med å smelte....


Glad i deg....... du smeltar meg! Er ein anna måte sjå det på.




Mangler du julekuler finn du det gjerne på snømannen. Ser ut som han har fanga opp ein god del!