fredag 18. november 2011

Strikk .




Dei gule og orange fargane gjorde seg godt her i sanden med sola på seg....Skjere sol terrapien bare å sjå på det.


Skulle verta ein gryteklut i sirkel form men eg fann fort ut at den vart stor.  Eg la opp 30 masker bomullsgarn. Strikka rett fram og tilbake (1rille). Strikka så 25 masker snudde og rett tilbake. Så 20 masker snudde, og rett tilbake. Så 15 masker, snudde og rett tilbake. 10 masker snudde, og rett tilbake. 5 masker og snudde, rett tilbake. Denne rapporten strikka eg 36 ganger. Sydd saman langs kanten og rynka saman i midten. formen vart perfekt, men neste gong vil eg ikkje legge opp meir enn 20 masker og snu tettare slik at ein ikkje treng fleire enn ca 20 rapporter.

Det blir nok strikka fleire grytekluter men i mindre. Held på med gryteunderlag i kraftig bomullsgarn/hyssing i størrelse som eg ville hatt på grytekluten, så eg trur eg har klekt størrelsen no. men det prosjektet ligg heime. Har bare med meg litt små prosjekt.  Godt med litt små strikk på flyet og litt innimellom. Tok det fram på stranda her om dagen i ettermiddagssbrisen.....og fekk mange kommentarar frå andre strikkedamer.  Bedre med eit blad meir seift det:)))


Fann igrunn ut den gjorde seg best på bilde.  Sjå den fine fargane i dette bildet. Som ein musling i sanden. Om ikkje anna blir det eit flott bilde til å sy toalettveske etc av. Må nok trykke det ut på pcen når eg kjem heim.

1 kommentar:

  1. Du er no kreativ "til tusan"!!
    Nydeleg bilete og vakre fargar;o)

    Kos dokke vidare!

    Solklem

    SvarSlett