søndag 7. juni 2020

Hagehelg pluss pluss


Hagehelg :) Veret var bedre enn frykta. Me fekk vera ute og rydde og nyte hagen. Eg fekk til og med sydd litt på symaskina. Det er lenge sidan, føler eg.......... har vist hatt koronafri. ( eller mangel på energi) sjølv om det er syrommet som ofte gir meg meste energi....


Har lenge tenkt eg skulle lage ei enkel scrapbook for hagen, der eg kunne skrive ned namn på ulike planter eg kjøper. Namn på planter eg ynskjer i hagen, ideer, tips, kva tid eg sår ulike frø osv. Eg kjøpte ei enkel tengebok til kr 80,- hjå den lokal bokhandlaren og så sydde eg eit grovt lintrekk til den. Vart med ein gong meir hagepreg på den. Denne sydde eg på lørdag pluss ein lita mappe a resten av stoffet.


 Gummistrikket eg har rundt boka sydde eg fast på trekket slik at viss eg har lause deler i den held det seg kanskje på plass.



Litt plantetips, litt kvitteringer .......... 


 Endå eit prøveprosjekt.Har sådd masse erterblomster i år. både fleirårige og ettårige. Dei ettårige har eg planta midt på plenen nesten. Tanken er at dei skal veske rundt dette pilstativet . Kanskje kan det bli ei kule av erteblomster.



 Gler meg til mange og gode dager i hagen og på terraasen.  Livet er ofte best ute.


Sukkulenter er  enkle og fine blomar mellomanna på terrassebordet


Dette bålfatet kjøpe eg i fjor, no i år har eg malt det svart inni med maling med rustsopp i .... vart veldig fint håper det held seg slik.

Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar