mandag 31. desember 2018

Årets siste og neste års fyrste strikkeprosjekter



 Eg held på me to prosjekt no i romjula, (starta tidlegare i desember på dei).
 Eg har lenge hatt lyst til å strikke horisontal-sjalet frå G-uld, men hadde verken mønster eller garn. Det er vrient å få tak i kit-pakka frå Danmark. Difor laga eg min eigen versjon med utgangspunkt i oppskrifta til Århus-sjalet som eg hadde i Heftet Urban. Dette er nesten heilt likt horisontal sjalet.


Eg strikka det tynt lammulgarn. 2 tråder, ein naturfarga og  ein tråd med ulike fargar ( 14 forskjellige trur eg det blir.....får sjå etter kvart.
 Perfekt bilstrikk då me skal og har kjørt ein del i julehelga.


Veldig kjekt å strikke.


 Desse vottene stata eg med rett før jul. Dei var med i ein julemysterium hjå Jarbo.se. Julevanten .... men eg klarer aldri fullføre den når eg skal. Så eg har ein vott igjen.


Håper å bli ferdig no ...blir truleg neste års fyrste prosjekt som blir ferdig..... dette passar ikkje til bilstrikk. For mykje mønster etc. 

Takk for 2018, ser fram til mange nye kreative stunder i 2019.

Klem
Lilla dør


1 kommentar: