tirsdag 29. mai 2018

Portomonneer


 Eg var på kurs hjå Lappelykke i går ettermiddag. Med nokre stoffbitar i korga drog vi innover. Veldig kjekke kveld. Takk for undervisning og inspirasjon. Me var 3 stykk som laga kvar våre portomoneer.  Eg laga to :)


 Mønstera var i frå boka The purse Clasp book.  Det var to metallåser inkl. Eg brukte dei. Men må innrømme at eg kjøpte med nokre ekstra låser. Kan fort bli fleire portomonneer.


 Den fyrste sydde eg av Kaffe Fasett stoffet mitt  "Pelagonia"




 Den andre var litt større i gult prikkete stoff og med marimekkostoff inni. Det og minner meg om sommar og sol.....



 Med slik fine blomster på terrassen min får eg fort sommerfølelsen. Då eg kjøpte denne blomsten i april trudde eg den nesten var spesialplanta til meg i mine fargar :)))) Er den ikkje fantastisk fin!!!
Blomsten er ein type Petunia - Million Bells


Ha ein fin sommar fortsatt. På Jæren er det full sommar for tida ...... så det blir mykje hage og lite sying


Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar