søndag 28. februar 2016

Strikk, kaffi og hekla tepper



Kaffi og strikk nokre timar på terrassen ein solfylt dag i slutten av februvar er ikkje feil.......slik har me hatt det i dag.


Haustjakka mi :) kanskje blir eg snart ferdig så det kan bli vårjakke .....kanskje, kanskje ikkje .......
ellers må det bli haustjakke. Håper på det beste. Men eg har så mykje på gang både søm, hekling og strikking. Alt må prøvast og testast. Noko andre som har fleire prosjekt i gang?


 Junioren har vore heime no i vinterferien og mellom anna har han fått teppet sitt som bestemor hans har laga. Primulateppe til Arne og Carlos. Det til venstre er hans og mitt til høgre. Mi svigermor har laga eit til kvar av ungane mine og eit til meg og gubben. Dei er heilt fantastisk fine og til stor glede for oss alle. Det var ein stolt gutt som reiste med sitt teppe i dag.


Sjå det fine fargespelet ingen blomster er like alle unike..... og fine.

Tusen takk! 

Klem
Lilla dør

2 kommentarer:

  1. hei,
    jeg har altid gang i flere projekter og skifter mellem patchwork, broderi og strik. Når jeg kigger på de fine primulatæpper, får jeg lyst til at hækle et magen til :-)

    kreative hilsner
    Angelika

    SvarSlett