mandag 11. mars 2013

Bytur og på besøk


I helga var me på ein kjempejille tur til Bergen og besøkte studentane våre. Dette bildet frå Bryggen lørdag ettermiddag er teke frå bussen.


 Skal eg på tur er det viktig å ha med rikeleg strikk til einkvar anledning:) Her er eitt av mine nye prosjekt!!! Eg tok i bruk dei nye firkanta strikkepinnane og dei var goé å strikke med.


Av og til passar det med kafestrikk og. 


Vi vart inviterte på kjempegoe middag og fantastisk flotte og goé kardemommenurrar. Antall kafebesøk og antall kaffikopper den helga er ein hemmelighet. Godt var det iallefall.


 Frokoststemning på "hotellet" me låg på. Presskannetrekket er faktisk eit eg har laga. Jillt når det er i bruk:)


 Tid til ein runde i butikkane vart det og. Lite handel men mykje idear og inspirasjon. Desse hønene såg eg i ein Til Bords butikk. I  grunnen eit koselig par.
Var og innom quiltekroken på kaien. Dei har mange fine mønster, idear og stoff. Men eg hadde i grunnen bestemt meg før eg reiste at eg skulle bare sjå der. Må bruke litt av mitt eige lager:) Eg var veldig flink der:)


Goé veke til deg.
Klem 
Lilla dør

6 kommentarer:

  1. Såg ut for å ha vore ein kjekke tur , mykje fint å sjå..... skal ein snartur til Bergen i dag , på Blomstermesse , der er nok masse fint å sjå .... Gle meg til helga ....
    Ha ein god dag!
    Klem Laila

    SvarSlett
  2. Så kjekt med bytur.... Eg har store planer om å reise innover til helga. så får vi sjå, kansje blir det nokre nye trådnøster, eller anna som frister..

    SvarSlett
  3. Kjempestas me besøk! Blomstene står fint ennå, og begge gensrene e i bruk:)

    SvarSlett
  4. Koselig med Bergensbesøk. Fine bilder.
    Klem

    SvarSlett
  5. Kjekt med et besøk til min by.
    Helgen har vært flott det kan en se ut fra bildene .
    Fin uke til deg
    Klem

    SvarSlett
  6. Bergen er en fin by å være på tur i. Ser ut som du hadde det kjempefint. D

    SvarSlett