mandag 10. september 2012

Litt haust-tilbehør:))


 Då eg var i Bremen i helga kjøpte eg litt tilbehør/ haustinspirasjon til dame/engel/hageengel etc. Alt etter kvar det blir. Har tenkt å  sy ferdig ei " dame" idag:).  Eg tar med meg resten til kurset i Florø.


 Det var ikkje så mykje garn som frista, men eg klarte ikkje reise heilt tomhendt heim ...fekk med meg tre nøster av Regia ekstra twist merino. Var fint attåt lin fargen. Kanskje eg kan kombinere det med lin?  



 Falt for desse fine banda. Kjekke til å pynt opp både syarbeid og strikk:)
 Fann ei enkel sybok med enkel applikasjon med frihåndsquilting. Kjekk til inspirasjon. Falt for det enkle og samtidig det røffe.  I grunnen ein go´e kombinasjon.




 Har blitt mykje flytid på meg i det siste og då har eg fått strikka mykje. Skappelgenseren er ferdig men eg har ikkje fått montert den ennå. Snart ferdig med å strikke hals nummer to og. Pulsvarmer i oransje er og på gang. 


 No er eg klar for syrommet. Gler meg. Ha ein fin kveld.

Klem Lilla dør.

3 kommentarer:

  1. Du finn noko i kvart et land. Gler meg til Skappelgenseren er montert.MR

    SvarSlett
  2. Så mye fint du har funnet:) Og for et tempo med strikkepinnene... du tar jo pusten fra oss andre ;)
    Jeg syr også i kveld (ingen bombe) kos deg på syrommet du også.
    Klem fre Tine

    SvarSlett
  3. Her var det mykje fint , blir spennande å sjå kva skatter du har med i kofferten til helga :) Vi gler oss til du kjem , treng litt inspirasjon og kjekke ting no i dette regnet :)
    Klem Laila

    SvarSlett